Ledig fast sjukepleiar/vernepleiar stilling, 70-80% på natt ved Lokal sikkerheitsavdeling
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Ledig fast Sjukepleiar/vernepleiar stilling 70-80% på natt ved Lokal sikkerheitsavdeling
- Frist
- 21.04.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Eit viktig samfunnsoppdrag
Vårt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gje alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.
Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut, aktivitør og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle.
Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
Lokal sikkerheitspost har no ledig 70-80% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar på natt med jobb kvar 4. helg, langvaktar. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa, oppfordrast menn til å søke.
Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie/miljøterapi til pasientar som treng behandling og rehabilitering
- Du deltar i miljøbehandlinga i eit team bestående av psykolog, psykiater, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, helsefagarbeidar og ergoterapeut
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring
- Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten
- Vurdere og lage handteringsplanar ifht valdsrisiko
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, gjerne med vidareutdanning innan: rus og psykiatri, SEPREP eller psykisk helsearbeid
- Det er ønskeleg med erfaring frå psykisk helsevern ellers rusomsorg
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- Du trivst i eit aktivt og travelt miljø
- Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du etterspør rettleiing
Vi tilbyr
- 15 000 kroner pr år i særtillegg
- Du vil få grundig opplæring
- Du får kompetanseutvikling i form av fagdagar og kurs
- Du får 2- dagers kurs i møte med aggresjon (MAP) med moglegheit for trening kvar veke
- Opplæring i risikovurdering og risikovurderingsinstrumentet HCR-20
- Dette er ein stilling som gir både fagleg og personleg utvikling
- Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
- Treningsrom for tilsatte
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier,
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk
- Norsk
Nøkkelord
Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier, Natt, Sandviken
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Joachim Rau Honningsvåg
- Stillingstittel
- Ass.seksjonsleiar
- Telefon
- 55 95 83 48
- Kontaktperson
- Charlotte Sunde
- Stillingstittel
- Ass.Seksjonsleiar
- Telefon
- 55 95 83 54
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen