Utløpt

Sommar- og tilkallingsvikar

Arbeidsgiver
Bufetat
Stillingstittel
Sommar- og tilkallingsvikar
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

Miljøterapeut/miljøarbeidar ferievikar og tilkalling.

Vi søkjer no etter sommar- og tilkallingsvikarar.

Sunnmørsheimen består av 2 avdelingar, avdeling Klatrevegen som er ei akuttavdeling og avdeling Nygardsvegen som er ei langtidsavdeling. Vi har ungdomar i aldersgruppa 12-18 år. Vi har døgnbemanning med dagvakt, kveldsvakt og våken nattevakt. Vaktlengde varierar frå 8,5 til 12,5 timar.

Stillingane som sommervikar er av varierande prosentstorleik fra 25-100%. Stillingane passar godt for studentar eller arbeidstakarar som jobbar deltid ved andre arbeidsstadar.

Tilsetting vil verte gjort fortløpande.


Arbeidsoppgaver

Arbeids- og ansvarsoppgåver

  • Følge opp rutiner og strukturar.
  • Vere ein god rollemodell og motivator.
  • Delta på faglege drøftingar og refleksjonar.
  • Følge opp ungdomane sine aktivitetar og dagtilbod.
  • Oppretthalde ein god døgnstruktur.
  • Pådrivar for at ungdomane skal ha ei aktiv fritid.
  • Delta i omsorgs- og utviklingsarbeidet.
  • Delta i kartleggingsprosessar og dokumentasjonsarbeid.
  • Kontakt med familiar og samarbeidspartar.
  • Utføre praktiske oppgåver ved institusjonen med tanke på daglege gjeremål og hushaldning.

Kvalifikasjonar

Når det kjem til utdanningsnivå ønsker vi at du oppfyller minst eit av følgande krav:

  • Du har utdanning innan barnevern, sosialt arbeid, vernepleiar eller anna utdanning på bachelornivå.
  • Du er under relevant høgskule-/universitetsutdanning.
  • Unntaksvis kan du som har eit relevant fagbrev i kombinasjon med erfaring med målgruppa, også verte vurdert for stillinga.

Du må ha førerkort for bil klasse B.

I tillegg er det ein fordel om du har:

  • Erfaring fra barneverninstitusjon eller anna arbeid med barn og unge.
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • God IKT kompetanse
  • Erfaring frå samtalar, kartlegging og arbeid med born og unge i krise.

Personlege eigenskapar

Vi trur du vil trivast i denne stillinga om disse punkta beskriv deg:

  • Du må vere ein trygg vaksen som byr på deg sjølv og har eit genuint ønske om å hjelpe andre.
  • Du evnar å sjå alle som enkeltindivid og kan skape trygge relasjonar til barn og unge.
  • Du er tålmodig og med stor evne til empati.
  • Du er fleksibel og har evne til å stå stødig og jobbe målretta i ein stressande og uforutsigbar jobbkvardag.
  • Du har god helse, fordi arbeidet på einingane kan vere både fysisk og psykisk krevjande.

For oss er det viktig korleis du som person passar til jobben. Det vil bli tatt med i den totale vurderinga.

Vi ønsker at du har ei eller to referansar.

Vi tilbyr

  • Stillingane er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog og 1508 vernepleiar med lønn p.t. kr 466 600 - 604 900 pr. år (ltr. 45-62), eller 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut med lønn p.t. kr 532 200 - 646 000 pr. år (ltr. 54-66). For deg som ikkje har fullført høgare utdanning gjeld stillingskode 1488 miljøterapeut, p.t kr 443 000 - 509 300 pr. år (ltr. 41-51), 1203 Fagarbeidar m/fagbrev p.t. kr 432 800 - 502 300 pr. år (ltr. 39-50) eller 1486 miljøarbeidar, p.t. kr 394 100 - 495 200 pr. år (ltr. 30-49 ). Avlønning og stillingskode vurderast etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Hjå oss vil du også få

  • Vere med på skape ein forskjell for ungdom som trenger det aller mest.
  • Ein arbeidskvardag med varierte og spennende oppgåver og utfordringar.
  • Positive og engasjerte kollegaer med brei fagkunnskap og lang erfaring frå barnevernfeltet.

Opplysningar til deg som søker:

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Sunnmørsheimen Ungdomsheim, avd Nygardsvegen eller Sunnmørsheimen akuttinstitusjon, avd Klatrevegen
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regioner har som hovedoppgave å drive etatens institusjoner og familievernkontor. I tillegg har regionene ansvar for fosterhjemsrekruttering og oppgaver knyttet til adopsjon. Barn, unge og deres familie skal få riktig hjelp til rett tid uansett hvor de bor i Norge. Bufetat sine fem regioner rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagt Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region Midt-Norge består av fylkene Trøndelag og Møre og Romsdal. Regionens administrasjon er lokalisert i Trondheim.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
12
Sted
Nygardsvegen 2, 6103 Volda
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Sosionom,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Sommervikar, Ferievikar, Tilkallingsvikar, Tilkallingsvakt, Deltid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tobias Vassbotn Evebø
Stillingstittel
avdelingsleder
Telefon
46 61 76 56
Kontaktperson
Elisabeth Jørgensen Haugen
Stillingstittel
avd.leiar Nygardsvegen
Telefon
46 61 76 65
Følg firma
4302 følger dette firmaet

Nygardsvegen 2, 6103 Volda

Annonseinformasjon

FINN-kode 340952519
Sist endret 2. apr. 2024 08:12

Rapporter annonse