Sommar- og tilkallingsvikar
Bufetat
- Frist 2.4.2024
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommar- og tilkallingsvikar i Møre og Romsdal
Har du eit sterkt hovud og varmt hjarta, og eit engasjement for arbeid med barn og unge?
Fleire av våre einingar i Bufetat, region Midt-Norge, ser etter sommar- og tilkallingsvikarar. Er du under utdanning, har ein relevant bachelorgrad/fagbrev, eller har erfaring frå liknande arbeid, bør du ta ein kikk på denne annonsen! Bur du ikkje i Møre-regionen, eller er i området i sommarferien? Vi har flere utlysningar for Trøndelag! - https://www.bufdir.no/om/jobb-hos-oss/jobb-i-bufetat-region-midt-norge/
Hos Bufetat vil du få ein variert arbeidskvardag og moglegheita til å bli godt kjend med korleis ein jobbar med barn og unge ute på einingane. Hos oss er det også viktig at arbeidsmiljøet er trygt og raust, slik at vi er i stand til å handtere krevjande situasjonar som oppstår. Ein jobb hos oss vil gi deg ny kunnskap og praktisk erfaring – og ikkje minst utvide nettverket ditt!
Bur du i eller omkring Ålesund, Vestnes, Molde eller Kristiansund, kan ein av desse einingane bli din arbeidsstad:
- Husafjellheimen ungdomsheim er en omsorgsinsitusjon i Ålesund, som gir et tilbud til barn og unge mellom 11 og 18 år.
- Clausenengen ungdomshjem er en omsorgsinstitusjon i Frei i Kristiansund kommune, som gir et tilbud til ungdommer mellom 12 til 18 år.
- Kollen ungdomsbase er en omsorgsinsitusjoni Vestnes kommune, som gir et tilbud til ungdommer i alderen 13 til 18 år. Kollen tilbyr langturnus.
Vi ønskjar at du spesifiserer kva eining du ønskjar å søkje deg til.
Arbeidsoppgåver
I denne stillinga vil du
- Bidra til at våre barn og unge får ein trygg og stabil kvardag
- Planlegge og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak og aktivitetar
- Gjere noko saksbehandling i form av skriftleg dokumentasjon og rapportering
- Utføre praktiske gjeremål ved eininga
Kvalifikasjonar
Når det kjem til utdanningsnivå må du oppfylle minst eitt av følgjande krav:
- Du er under relevant 3-årig høgskule-/universitetsutdanning, minimum på andre året
- Du har ein tre-årig relevant utdanning frå høgskule eller universitet
- Du har erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge
I tillegg må du ha førerkort for bil (klasse B), helst med manuelt gir
I tillegg er det ei føremon om du har
- Erfaring frå samtalar, kartlegging og arbeid med barn og unge i krise
- Gode IT-ferdigheiter
Personlege eigenskapar
Vi trur du vil trivast i denne stillingen viss desse punkta beskriv deg:
- Du må vere ein trygg voksen som byr på deg sjølv og har eit genuint ønskje om å hjelpe andre
- Du evnar å sjå alle som enkeltindivid og kan skape trygge relasjonar til barn og unge
- Tålmodig og med ein stor evne til empati
- Fleksibilitet og evne til å stå stødig og jobbe målretta i ein stressande og uforutsigbar jobbkvardag
- Fordi arbeidet på einingane kan vere både fysisk og psykisk krevjende, stilles det krav til alminneleg god helse
For oss er det også svært viktig korleis du vil passe inn hos oss, og om du som person eignar deg til jobben. Det vil bli tatt med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog eller 1508 vernepleier, p.t. kr 466 600 - 584 500 pr. år (ltr. 45-60), eller i stillingskode 1185 spesialutdanna sosionom, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1509 spesialutdanna vernepleier, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 - 646 00 pr. år (ltr. 53-66). For deg som har fagbrev eller er under utdanning gjelder stillingskode 1488 miljøterapeut, p.t kr 443 000 - 509 300 pr. år (ltr. 41-51), 1203 Fagarbeider m/fagbrev p.t. kr 432 800 - 502 300 pr. år (ltr. 39-50) eller 1486 miljøarbeider, p.t. kr 394 100 - 495 200 pr. år (ltr. 30-49). Avlønning og stillingskode vurderes etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Hos oss vil du også få
- Delta i sosiale tiltak sammen med gode kollegaer
- Eit godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen
Opplysningar til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Politiattest må fremleggast ved eventuell tilsetting, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
- Ramon Araya, Enhetsleder, Clausenengen ungdomshjem: Telefon 971 11 035
- Janne Lise Årset, Enhetsleder, Kollen ungdomsbase: Telefon 466 17 516
- Mette Tranvåg Øren, Enhetsleder, Husafjellheimen ungdomshjem: Telefon 466 17 524
Om arbeidsgiveren
Bufetat, region Midt-Norge femnar om fylka Trøndelag og Møre og Romsdal. Regionen sin administrasjon er lokalisert i Trondheim.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 32
- Sted: 6390 Vestnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sosionom
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ferievikar, Sommervikar, Vikariat, Sosialt arbeid
- FINN-kode 339277484
- Sist endret