
Matvert Spisestua. 15% fast stilling
Helse Bergen
- Frist 29.10.2023
Matvert Spisestua. 15% fast stilling
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar.
Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komme i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov. Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Sjukdomsrelatert underernæring er vanleg hos pasientar som blir innlagd på sjukehus. Dette fører til unødig høg førekomst av komplikasjonar, og kan vere med på å forlenge sjukehusopphaldet. Den fremste oppgåva for våre matvertar er å påverke pasientane til å ete og ta til seg næring. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 16 spisestuer, 5 spisestuer i sentralblokka, 1 i Parkbygget, 2 i Marie Joys hus, 1 på Nordås, 2 i Sandviken og 1 på Klokkarvik.
Hausten 2023 opnar Glasblokkene trinn 2. Der samlar vi behandling av barn og unge på Haukelandsområdet, i tillegg flyttar Kvinneklinikken inn i november.
Matforsyninga vil ha ansvaret for matservering til pasieten og opner fleire nye matstover. Til dette treng vi flinke og framoverlente Matvertar og har ledig følgande stillingar:
* 15% faste stillingar, turnus dag/kveld og fast arbeid pt kvar 3 helg
Oppstart frå snarast eller etter nærare avtale. Vi søker etter sjølvstendig og ansvarsbevisste personar. Matvert må pårekne å arbeida i alle matstovene våre.
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Bidra med matomsorg til pasientar
- Bestilling, tillaging og servering av måltid
- Reinhald, oppvask og rydding
Kvalifikasjonar
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå kjøkken/kantine
- Kjennskap til IK-mat
- Gode IT-kunnskapar
- Matfagleg interesse
Personlege eigenskapar
- Fagleg interesse og engasjement
- Serviceinnstilt og imøtekommande
- Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Strukturert og nøyaktig
- Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høgt fagleg nivå
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Antall stillinger: 12
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Restaurant, mat og uteliv, Storhusholdning og catering
- Stillingsfunksjon: Catering, Helsepersonell, Mat og servering
Nøkkelord
Matvert,, Spisestue,, sykehus,, kantine,, helgestilling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321164838
- Sist endret