Utløpt

Sjukepleiar/Vernepleier 80% fast på natt

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar 80% fast på natt
Frist
12.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Seksjon S4 er ein lukka psykosepost med 12 sengeplassar lokalisert på Sandviken Sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar. Vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad/anna behandlingstilbod. Hos oss vil du ta del i ein variert arbeidskvardag, der vi legg vekt på trivsel, mangfald og fagleg utvikling. Hos oss er ingen dagar like.

S4 er ein spennande og lærerik arbeidsplass der dei tilsette ser og oppmuntrar kvarandre. Vi er kjend for vår høge faglege kompetanse innan psykosebehandling og for vårt gode og inkluderande arbeidsmiljø. Arbeidsgruppa er ung og engasjert. Fleire av dei tilsette har vidareutdanning i psykisk helsearbeid.

Vi har ledig to 80% faste stillinger for sjukepleiar eller vernepleiar, pt på natt og kvar 3. helg med turnus på natt. Vi tilstrebar å spegle samfunnet ellers ved å tilsette menneske med ulike kjønn, kulturar og aldre i avdelinga vår.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet varierar mellom sjukepleiar/vernepleiaroppgåver og miljøterapautiske oppgåver i ledd av behandlinga og utreiinga av mennesker med akutt psykoseliding
  • Sjukepleiar/vernepleiar har ansvarsvakt og fordelar daglege  arbeidsoppgåver, samt er brannansvarleg
  • Vi ønsker at du bidrar til vår gode postatmosfære med omsorg, støtte og struktur
  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleier.
  • Søkar må meistre norsk  godt, både munnleg og skriftleg
  • Søkar må ha gode samarbeidsevner og like ein uforutsigbar og spennande arbeidskvardag
  • Søkar må vere fylt 21 år

Personlege eigenskapar

  • Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna til å arbeide med psykisk sjuke menneske
  • Vi ønsker fleksible medarbeidarar, som har evne til å arbeide i team og som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du må vere ansvarsbevisst og ha evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du er opptatt av at pasientane skal få god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
  • Du har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
  • Du arbeidar strukturert, effektivt og målretta
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserar og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du må vere tilpassingsdyktig og takle stressande situasjonar
  • Du må ønske og evne å motta rettleiing

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagutvikling og eigne kompetansedagar for nattevakter
  • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Opplæring i MAP
  • Kompetente medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling


Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier

Nøkkelord

sykepleier,, sjukepleiar,, vernepleiar,, vernepleier,, psykiatri

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marianne Dale
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 88 48
Kontaktperson
Silje Skår Jakobsen
Stillingstittel
Ass. seksjonsleiar
Telefon
55 95 87 44
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 288168256
Sist endret 18. jan. 2023 14:27

Rapporter annonse