Utløpt

Er du medisinarstudent som ønskjer relevant arbeidserfaring i studietida? Vi har no ledige studentstillingar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Er du medisinarstudent som ønskjer relevant arbeidserfaring i studietida? Vi har no ledige studentstillingar
Frist
12.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Vi søkjer no etter medisinarstudentar som ønskjer å kombinere studie med relevant arbeid gjennom utdanninga. Stillinga er lagt opp etter ein karrieremodell på 4,5 til 6 år og inneheld arbeid einingar innan somatikk, rus og psykiatri. Rotasjon er basert på 1,5 - 2 år på kvar eining.

Treng du fleksibilitet for å kombinere studie med relevant arbeid gjennom heile utdanninga? Då er dette ein unik sjanse til å opparbeide seg kompetanse på tvers i Vestlandets leiande sjukehusmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil variere etter kva eining du er knytt til
  • I somatikken vil arbeidsoppgåvene i hovudsak vere praktisk arbeid, pleie og oppfølging av pasientar
  • I psykiatri og rus vil arbeidsoppgåvene i hovudsak vere pasientoppfølging med fokus på å skape gode relasjonar, og å motivere pasientar til å meistre problema sine på ein god måte
  • Delta i det daglege miljøarbeidet med pasientar og praktiske oppgåver delegert frå ansvarshavande
  • Stillinga inneber arbeid under ferieavvikling ved sjukehuset

Kvalifikasjonar

  • Du må ha 400 timar pleieerfaring frå grunnleggjande stell/pleie
  • Du må meistre norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har eit ønskje om allsidig erfaring innan forskjellige einingar
  • Du er tilpassingsdyktig og finn deg til rette i ulike miljø
  • Du har utvikla gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du taklar endringar i kvardagen og høgt tempo
  • Du er fagleg dyktig og er interessert i å lære meir
  • Du har ei vennleg og respektfull framferd med pasientane, og ønskjer å gjere det lille ekstra for at dei skal ha det bra

Vi tilbyr

  • Du vil få tilsetjing i 22% fast stilling via Bemanningssenteret med arbeidsstad ved ulike einingar i føretaket
  • 10 helgar i løpet av eitt år som blir planlagd saman med leiar i årsturnus
  • Resterande timar er fleksible. (ca 20 timar kvar månad) og desse blir planlagde etter kvart i samarbeid mellom tilsett og leiar
  • Det er rotasjon på ulike avdelingar


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Nøkkelord

medisinarstudent,, medisinerstudent,, studentstilling,, fast

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Cathrine Fauske-Haferkamp
Stillingstittel
Spesialkonsulent
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 274116159
Sist endret 23. sep. 2022 11:40

Rapporter annonse