Utløpt

Helse Bergen søkjer helgevaktsstillingar til oppstart av ny ROP-sengepost

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Helgevaktsstillingar til oppstart av ny ROP-sengepost
Frist
11.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Som ein del av Helse Bergen si satsing på fagleg integrasjon psykisk helsevern og rusmedisin blir det oppretta eit spesialisert behandlingstilbod til pasientar med alvorlege rus- og psykiske lidingar. Ønskjer å vere med å etablere eit nytt og spennande tilbod for denne pasientgruppa?  
 
ROP-sengeposten skal gi tilbod som inkluderer avrusing, stabilisering, utgreiing og behandling til pasientar med alvorlege rus- og psykiske lidingar. ROP-pasientane sin tilstand kan ofte karakteriserast som kronisk med svingande forløp, samstundes som stabile behandlingsrelasjonar er viktig. Dei fleste vil også ha behov for kommunale tenester, og god samhandling med kommunane blir derfor ei sentral oppgåve. Å utvikle gode overgangar mellom ulike fasar i behandlingsforløpa er vesentleg, mellom anna kontakt med pasientar og samarbeidspartnarar både før og etter innlegging i døgnposten. Teamet rundt pasienten skal arbeide recovery-orientert med ein heilskapleg tilnærming til pasientens kvardag der man er opptatt av bustad, arbeid og ei meiningsfull fritid. Rettleiing og kompetansebygging overfor andre blir også ein vesentleg del av oppgåvene, både i høve til andre einingar i spesialisthelsetenesta, og overfor kommunane. Den faglege profilen til sengeposten vil ha fokus på integrert behandling der pasienten får oppfølging for både sin rusavhengigheit og psykiske liding av same team. Fokus på somatisk helse og levevanar vil også vere ein svært viktig del av behandlinga.  
 
Sjå nettsida vår for meir informasjon om ROP-eininga og ROP-forløp i Helse Bergen.
 
Sengeposten vil vere lokalisert i Dr. Martens bygget på Sandviken-området og er ein del av Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen. Psykiatrisk klinikk er ein arbeidsplass med vel 750 tilsette som tilbyr spesialisert vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for vaksne over 18 år. Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn i psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt.  
 
ROP-sengepost skal starte drift i januar 2023 og i den samband søker vi etter dyktige personar i helgestillingar i ca. 17%, pt. med arbeid kvar tredje helg, arbeid på dag/kveld. 

Langvakter kvar 4 helg kan og bli aktuelt.  

Arbeidsoppgåver

  • Ivareta kvar enkelt pasient 
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan 
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten  
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten 
  • Samarbeid med andre avdelingar om vidare behandling i sjukehuset, samt DPS og kommune ved utskriving 
  • Pårørandearbeid 
  • Praktisk arbeid 

Kvalifikasjonar

  • For sjukepleiar/ vernepleiar/ hjelpepleiar er det krav om norsk autorisasjon 
  • Vi søker fortrinnsvis studentar innan helsefag, sosialfag, eller omsorgsfag men andre søkarar vil bli vurdert 
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel  
  • Må ha grunnleggande IKT-kompetanse 
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg 

Utdanningsretning 

  • Vernepleie 
  • Helsefag 
  • Sjukepleie 
  • Medisin 
  • Psykolog 

Utdanningsnivå 

  • Høgskule/universitet, årsstudie/grunnfag 
  • Fagskule/fagbrev 

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar til eit positivt arbeidsmiljø  
  • Du kommuniserer og samarbeider godt  
  • Du er motivert, opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert  
  • Du er opptatt av at pasientane skal få god pleie, respekt og omsorg og ønsker å bidra i etableringa av eit tverrfagleg spesialisert tilbod til pasientgruppa  
  • Du har god relasjonskompetanse og forståing for korleis relasjon er ein viktig del av behandlinga  
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team  
  • Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø, og takle stressande situasjon 
  • Du må ønske og evne å motta rettleiing

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb der du er med på utforminga av døgntilbodet til ROP-pasientar  
  • Varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar  
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst  
  • Fagutvikling og internundervising  
  • Moglegheit for hospitering hos relevante samarbeidspartnarar  
  • Kompetanseplan med vekt på valdsrisiko, traumeforståing, kognitiv miljøterapi, motiverande intervju og kunnskap om rus- og psykiske lidingar  
  • Rettleiing  
  • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø  
  • Opplæring i MAP - Møte med aggresjonsproblematikk  
  • Kompetente medarbeidarar  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling  
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
11
Sted
Hatleveien 7D, 5038 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Nøkkelord

Helgevakt;, rus, og, psykisk, lidelse;

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristian Toppe Aarlie
Stillingstittel
Ass. seksjonsleiar
Telefon
97 61 74 75
Kontaktperson
Roger Atle Wæhle Kårstad
Stillingstittel
Prosjektleiar
Telefon
41 70 13 50
Følg firma
2250 følger dette firmaet

Hatleveien 7D, 5038 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 273760248
Sist endret 20. sep. 2022 11:30

Rapporter annonse