Utløpt

Helgestilling som jordmor/ jordmorstudent

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Helgestilling som jordmor/jordmorstudent
Frist
01.12.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Ønskjer du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar? 

Vi søkjer etter jordmødre/jordmorstudentar som ønskjer å jobbe helg. Fødeseksjonen ved Kvinneklinikken har om lag 4600 fødslar årleg. Vi har tre fødeeiningar: Føde A, Føde B og Føde C-Storken. Føde A har ansvar for dei kompliserte fødslane, gravide som blir innlagd i svangerskapet og ei barseleining i 2.etasje, der kvinner og nyfødde med komplikasjonar etter fødsel blir tatt vare på. Føde C- Storken er ei kombinert lavrisiko føde-barseleining. Føde B er også ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Utviklinga av dei tre kombinerte einingene er ein del av organisasjonsutviklinga fram mot flytting til Glasblokkene i 2023. Kvinneklinikken er såleis inne i ei svært spennande tid med fokus på utvikling og førebuing til flyttinga.    
  
Fødeavdelinga er ein spennande arbeidsstad for jordmødre/jordmorstudentar som ønskjer å vere med å utvikle heilskaplege omsorgsmodellar innan svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg og som har interesse for heile fagfeltet. Det er tett samarbeid mellom dei 3 føde og barselseksjonane, og både faglege og administrative oppgåver blir utført i samhandling med dei andre einingane.
 
Vikariata er for inntil 12 månader med mogleg forlenging og kan vere mellom 15 - 20% stilling. Oppstartsdato etter nærare avtale. 

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg ansvar for føde-barselkvinner

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon som jordmor eller sjukepleiar som har påbyrja jordmorstudiet 
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse
  • Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Jonas Lies vei 72, 5053 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Jordmor,
Sykepleier

Nøkkelord

jordmor,, jordmorstudent,, helgestilling,, kvinneklinikken,, føde

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Martha Vadset
Stillingstittel
Seksjonsjordmor
Telefon
55 97 42 77
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Jonas Lies vei 72, 5053 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 232023974
Sist endret 15. sep. 2021 15:33

Rapporter annonse