Utløpt

6 faste helgestilling ledig ved ny avdeling Stavanger akuttsenter

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
17.06.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Om stillinga

Ungdommane du skal hjelpe, kjem i eit kritisk augneblink i eige liv. Vil du hjelpe dei? Vere der for dei når det gjeld som mest? Gje dei omsorg og varme, tryggleik og forutsigbarheit i timane, dagane og vekene som kjem? Viss du finn meining i dette, og har eigenskapane, utdanninga og erfaringa som skal til, så kan dette vere rette jobben for deg.

Ved Stavanger Akuttsenter er det ledig seks faste stillingar som miljøterapeut (helg), på henholdsvis 23%. Stillingane er for tida lokalisert på Madla. Den nye avdelinga skal ha plass til 4 bebuarar. Arbeidstidsordninga er p.t. inntil 16 timars vakter - med arbeid kvar 3. helg.

Arbeid ved Stavanger akuttsenter byr på spanande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi har eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling. Vi tilbyr gode muligheiter for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilstreber ei lik kjønnsfordeling blant tilsette på våre institusjonsavdelingar. På bakgrunn av dette oppmodar vi særskilt menn til å søkje.


Arbeidsoppgåver/ansvarsområder
  • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningslinjer og fagleg rettleiar.
  • Til ein kvar tid halde seg oppdatert på bebuaranes handlingsplan og retningslinjer
  • Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, Inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom
  • Motivera og engasjera ungdommane i positive aktivitetar, samt bidra til at bebuarane får medverka og oppleva tryggleik og trivsel mens dei bur hos oss
  • Delta på/ ansvar for inntak, overlapping og praktiske oppgåver, forbereda måltider og følgje opp morgon og leggje rutinar.
  • Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon
  • Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdelinga.

Kvalifikasjonar
  • For tilsetjing som miljøterapeut er det ynskjeleg med treårig relevant høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar
  • Det er ynskjelig med lang erfaring frå arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med ungdom med utfordrande åtferd. Personleg egnetheit vil bli særleg vektlagd. 
  • God kunnskap i bruk av IT-verktøy
  • Førarkort for personbil.

Kven søkjer vi?

Vi søkjer deg som motiveras av ansvar, arbeidar sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdommane og deira behov. Du må ha evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team.

Du er fleksibel og trives med store utfordringar og du har evne til hurtig omstilling.

For deg er medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartnarar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.


Vi tilbyr
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar, 1489 miljøterapeut i LR 15, alt. 5-11, p.t. kr 386 200 - 496 100 pr. år (ltr. 40-56). Søkjarar i stillingskode 1488 miljøterapeut vert løna i statleg lønsregulativ LR 17, alt 3-11, p.t. kr 354 500 - 456 400 pr. år (ltr. 33-51). Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning. Tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Generelle opplysningar
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til avdeling Madla.
  • Politiattest vart kravd ved oppstart, jf. Lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) § 25.

Kontaktinformasjon

Avdelingsleiar Monica Gravdal, tlf. 466 19 483 eller e-post monica.gravdal@bufetat.no

Avdelingsleiar Lillian Haugsvær, tlf 466 19 315 eller e-post lillian.haugsvar@bufetat.no

Søknad med CV vert å senda elektronisk via lenkje på denne sida.

Vitnemål samt attestar med bekreftea stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit evt. intervju.


Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Stavanger akuttsenter tek imot ungdom plassert etter Lov om barneverntenester §§4-6, 4-12 og 4-25 jf. 4-24. Vi har to institusjonsavdelingar med plass til totalt åtte ungdommar i alderen 13-18 år. Det skal i tillegg etableres en ny avdeling med plass til fire ungdommer. Ungdommane bur på institusjonen inntil akuttsituasjonen er avklart, med eit mål innan 28 dager. Opphaldet i institusjonen skal bidra til utgreiing og kartlegging i forhold til eventuelle vidare tiltak.

Senteret har og 79 beredskapsheimar fordelt på to avdelingar - ein i Haugesund og ein i Stavanger. Vi bistår heile Rogaland og tek i mot ca. 350 barn i året.

Det å jobbe i akutten byr på spennande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi set kvalitet høgt, har et godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling. Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Kompani Lingesvei 23, 4045 Hafrsfjord
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Omsorg og sosialt arbeid
Følg firma
4333 følger dette firmaet

Kompani Lingesvei 23, 4045 Hafrsfjord

Annonseinformasjon

FINN-kode 180845763
Sist endret 3. jun. 2020 09:20

Rapporter annonse