Sjukepleiar/vernepleiar. 70% fast stilling pt på natt.
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen - Psykiatrisk akuttmottak (PAM)
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar. 70% fast stilling pt på natt.
- Frist
- 25.04.2018
- Ansettelsesform
- Fast
Psykiatrisk klinikk består av tre avdelingar: psykiatrisk akuttmottak (PAM), avdeling for psykose og avdeling for stemningslidingar. Psykiatrisk akuttmottak består av ei mottakseining og 2 sengepostar, og er lokalisert ved Sandviken sjukehus. Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie.
Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungen psykisk helsevern.
På sengepostane (PAM 1/PAM 2) har vi som oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gje raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM 2 er ei lukka post med 10 sengeplassar og skjerma eining. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.
Helse Bergen ønskjer som hovudregel å tilby fulle stillingar. Dersom du ønskjer full stillingsprosent, kan du få dette ved delt stilling ved Bemanningssenteret i føretaket. Stillinga i Bemanningssenteret blir tilpassa arbeidsplanen ved Psykiatrisk akuttmottak post 2 og du vil kunne få dagvakter om ønskjeleg.
Arbeidsoppgåver
- Mottak av pasientar saman med lege
- Tverrfagleg teamarbeid ift. observasjon, vurdering og behandling
- Planleggje og iverksetje miljøtiltak
- Sjukepleiedokumentasjon
- Pårørandearbeid
- Fagutvikling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
- Erfaring frå akuttpsykiatri vil vere ein fordel.
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse.
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg.
Utdanning
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- sjukepleiar/vernepleiar
Eigenskapar
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, så som evne til samarbeid.
- Ansvarsbevisst.
- Interesse for sjukepleie som fag.
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 70%
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Opplæring i terapeutisk meistring av aggresjon
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
- Sykepleier,
- Sykepleier / Psykiatri
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Urd Hege Loftesnes
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Telefon
- 55 95 64 22
- Kontaktperson
- Torill Kristine Johansen
- Stillingstittel
- Assisterande seksjonsleiar
- Telefon
- 55 95 64 80
Følg firma
2251 følger dette firmaet
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen