Idrettskoordinator/miljøterapeut i Klinikk psykisk helsevern for barn og unge
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen - Klinikk psykisk helsevern for barn og unge
- Stillingstittel
- Koordinator
- Frist
- 28.01.2018
- Ansettelsesform
- Fast
Klinikken ønskjer å utvikle tilbod til barn og unge med fysiske og psykiske helseproblem. I tillegg til dei tradisjonelle behandlingsformane har vi god dokumentasjon for at regelmessig fysisk aktivitet gjer verknad som både førebyggjings- og behandlingsstrategi ved enkelte former for psykiske lidingar og problem.
Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Arbeidsoppgåver
- Dei nyoppretta stillingane vil vere med å utvikla eit spennande tilbod for barn og unge med psykiske vanskar. Stillinga vil få oppgåver knytta til direkte arbeid med barn og unge, opplysingsarbeid og registrering/skriving/planleggjingsarbeid.
- Delta og planleggje inntak av pasientar
- Administrere ulike grupper og leia gruppe- og individuelle treningsaktivitetar. Oppfølging i forhold til ikkje møtt
- Fagutviklingsarbeid og kunnskap om trening og psykiatri
- Journalføring av arbeidet
- Evaluering av trening
- Samarbeid med kommune og treningskontaktar
- Samarbeid med lokale idrettslag
- Bidra på fagdagar og konferansar
Kvalifikasjonar
- Høgskole innan helse- og sosial med relevant erfaring
- Ønskje om vidareutdanning
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Det er også ønskjeleg med:
- Livbergingskurs/Badevaktkurs
- Klatrekort (sikkerheitskurs i klatrevegg)
- Sikringskurs i akrobatikk og longe
- Kurs i førstehjelp i samband med idrettsskadar
- HLR-kurs
- Treningskontakt-kurs
- Idretts- eller treningserfaring
- Kurs i kosthald og ernæring
- Treningsleiar kurs
- Annan idrettserfaring
- Kurs i Mindfullness eller annan mentaliseringsbasert tilnærming
- Kurs innan Sunne Levevaner (Søvn, digitale medier, osv)
- Kurs i friluftsliv
- Motiverande intervju
Utdanning
- Ernæring
- Fysioterapi
- Helsefag
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Idrettsfag
- Sjukepleie
- Vernepleie
Eigenskapar
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Vere ein god teamarbeidar
- Like varierte utfordringer
- Ha vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 50%
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen
- Bransje
- Idrett og trening,
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
- Helsepersonell / Fysioterapeut
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Sture Larsen
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Telefon
- 55 97 44 46
Følg firma
2252 følger dette firmaet
Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen