Spennande jobb som autorisert helsesekretær med arbeid mellom annet i Akuttmottak

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Dokumentasjonsavdelinga
Stillingstittel
Spennande jobb som autorisert helsesekretær med arbeid mellom annet i Akuttmottak
Sted
Bergen
Frist
31.12.2017
Varighet
Vikariat

Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Dokumentasjonsavdelinga, Seksjon for medisinsk dokumentasjon med lokalisasjon Mottaksklinikken, har 3 ledig vikariat i 100% som autorisert helsesekretær.

Dokumentasjonsavdelinga har ansvar for det meste av føretakets medisinskfaglege dokumentasjon og har overordna ansvar for føretakets arkiv og arkivsystem. Dokumentasjonsavdelinga er ei spennende, kreativ, aktiv og dynamisk arbeidsplass.

Seksjon for medisinsk dokumentasjon har ansvar for skrive- og skannetenesta i pasientjournalsystemet DIPS samt merkantile-/helsesekretæroppgåver i Mottaksklinikken, herunder Akuttmottak, Utgreiingsmottak og Korttidsposten.

Grunnet nye oppgåver har vi for tida 3 nye vikariat som autorisert helsesekretær i merkantil sektor i Mottaksklinikken. Eit av vikariata er svangerskapsvikariat.

Dei merkantile tenestene i Mottaksklinikken har døgnope og arbeider i tredelt turnus, dette inkluderer kveld, natt og helg. Vi arbeider i snitt kvar tredje helg og rullerer på arbeidsoppgåvene. Vi arbeider i tverrfagleg team med mellom anna legar og sjukepleiarar.

Oppstart snarast eller etter avtale. Vikariata er eit år. Det kan bli mogleg med fast tilsetjing etter dette.

Her er ein videosnutt:

Arbeidsoppgåver

  • Sekretariatet ivaretar merkantile funksjonar mellom anna ved å registrere pasientane i pasientjournalsystemet DIPS og dessutan journalskriving og skanneoppgåver.
  • Sekretariatet bemannar òg resepsjon i mottak og ivaretar postsekretærfunksjonen på Korttidsposten samt Utgreiingsmottaket (UMO)
  • I tillegg tar vi blodprøve og andre vitale parametre av pasientar
  • Sekretariatet er med i avdelinga si beredskap ved større ulykker

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett må ha autorisasjon som helsesekretær.
  • Det er eit stort føremon med erfaring frå direkte pasientretta arbeid som til døme blodprøvetaking.
  • Det er krav om svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Det er også ein fordel med gode engelskkunnskapar.
  • God IKT-kompetanse er ein føresetnad.

Utdanning

  • Autorisert helsesekretær
  • Fagskule/fagbrev
  • Helsesekretær

Språk

  • Norsk
  • Engelsk

Eigenskapar

  • Den som blir tilsett arbeider like godt sjølvstendig som i team.
  • Du er ansvarsbevisst.
  • Du er løysingsorientert.
  • Du har omstillingsevne.
  • Du har god samarbeidsevne.
  • Du er tydeleg og har gode kommunikasjonsferdigheiter- og evner.
  • Du har jamt humør.
  • Du er fleksibel.
  • Du trivast i eit aktivt miljø.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Høgt fagleg nivå.
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit særs godt arbeidsmiljø.
  • Dyktige og engasjerte kollegaer.
  • Utfordrande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Svært god offentleg transportkommunikasjon.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Søknad merkes
3588452889
Tiltredelse
27.11.2017
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon / Kontor og administrasjon
Kontor og administrasjon / Sekretær

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 110032990

Sist endret: 7. des 2017 10:30

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jeanette Rasmussen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 84 17
Kontaktperson
Nina Ivarsflaten
Stillingstittel
Konsulent
Telefon
936 29 725

Søk på stillingen

Frist
31.12.2017
Følg firma
456 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 110032990

Sist endret: 7. des 2017 10:30