Utløpt

Sjukepleiar/vernepleiar 75% fast stilling på natt

Arbeidsgiver
Psykiatrisk akuttmottak, Avdeling PAM 1
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar 75% fast stilling på natt
Sted
Bergen
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Psykiatrisk klinikk, Psykiatrisk akuttmottak, seksjon PAM1 har ledig 75% fast stilling som sjukepleiar/ vernepleiar på natt.

Psykiatrisk klinikk består av fire avdelingar: psykiatrisk akuttmottak (PAM), avdeling for psykose, avdeling for tidleg psykose (ATP) og avdeling for stemningslidingar. Psykiatrisk akuttmottak består av ei mottakseining og 2 sengepostar, og er lokalisert ved Sandviken sjukehus. Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie.

Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønskjer behandling og pasientar som er underlagd tvungen psykisk helsevern.

På sengepostane (PAM 1/PAM 2) har vi som oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsetjinga er å gje raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM 1 er ei lukka post med 10 sengeplassar og skjerma eining. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, spesialvernepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.

For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.

Helse Bergen ønskjer som hovudregel å tilby fulle stillingar. Dersom du ønskjer full stilling, kan du få dette ved delt stilling ved Bemanningssenteret i føretaket. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar på sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Stillinga i Bemanningssenteret blir tilpassa arbeidsplanen ved avdelinga og ein vil kunne få dagvakter om ønskjeleg.

Arbeidsoppgåver

  • Mottak av nye pasientar som blir lagd inn i psykiatrisk akuttmottak
  • Observere, kartleggje og dokumentere pasientane sine behov samt iverksette sjukepleietiltak
  • Pasientoppfølging i post

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar
  • Offentleg godkjend sjukepleiar/vernepleiar
  • Erfaring frå akuttpsykiatri er ønskjeleg
  • Må beherske norsk, både munnleg og skriftleg

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Sjukepleiar eller vernepleiar
  • Sjukepleie
  • Vernepleie

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Samarbeidsvillig

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 75%
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Søknad merkes
3520717938
Tiltredelse
25.09.2017
Sektor
Offentlig
Sted
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Sykepleier

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 101678196

Sist endret: 7. aug 2017 14:21

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gunn Andersen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 64 12
Kontaktperson
Christian Høva Gundersen
Stillingstittel
Ass. seksjonsleiar
Telefon
55 95 64 60
Følg firma
456 følger dette firmaet

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 101678196

Sist endret: 7. aug 2017 14:21