Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?

Arbeidsgiver
Åna fengsel
Stillingstittel
Fengselsinspektør
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kriminalomsorgen

Fengselsinspektør

Om stillinga

Åna fengsel søker fengselsinspektør - leiar for avdeling Rødgata.

Fengselsinspektør ved avdeling Rødgata har ansvaret for 24 innsette på lågare tryggleiksnivå og ei bemanning på åtte fengselsbetjentar. I tillegg er andre tenester som skule, sosialteneste og arbeidsdrift knytt til avdelinga.

Ein fengselsinspektør skal ha evne til å leie fengselsavdeling, planleggje, prioritere, føreslå løysingar og utvikle retningslinjer, og å initiere utvikling innanfor ansvarsområdet.

Fengselsinspektøren inngår i leiargruppa ved Åna fengsel.


Arbeidsoppgåver

  • leie avdeling Rødgata
  • inntak av innsette, sakshandsaming av fangesaker, rådsmøte for avdelinga
  • planleggje, prioritere, føreslå løysingar og utvikle retningslinjer, og å initiere utvikling innanfor ansvarsområdet. Det er retningsliner for delegert avgjer som gjeld dei innsette på avdelinga.
  • personalansvar for fengselsbetjentane på avdelinga.
  • ansvar for forvaltningssamarbeidet med eksterne og interne samarbeidspartnarar.
  • medlem av leiargruppa i Åna fengsel.
  • delansvar for budsjettet for avdelinga.

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.


Utdanning og erfaring

Du må ha

  • bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskulen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS, eller relevant utdanning frå universitet eller høgskule minimum tilsvarande bachelornivå
  • sterk interesse for fengselsfaglege spørsmål
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Det er ønskjeleg at du har

  • høgare utdanning frå høgskule eller universitet
  • leiarutdanning
  • leiarerfaring

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeids- og leiareigenskapar
  • god rolle- og systemforståing, og evne til å tenkje heilskapleg
  • evne til å planleggje, avgjere og gjennomføre innanfor gjeldande rammer
  • god arbeidskapasitet og kreativitet

Vi tilbyr

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Stillinga blir løna som fengselsinspektør i trinn 65, kr 635400 til trinn 75 kr 759100, avhengig av kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg tilassisterande fengselsleiar Morten Røer på telefon 51799011

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Om arbeidsgiveren

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Region sørvest omfattar fengsel og friomsorgskontor i Rogaland og Agder. Regionadministrasjonen ligg i Sandnes.
Åna fengsel har omlag 160 tilsette, med til saman 164 plassar for mannlege innsette, fordelt på 140 plassar med høgt tryggleiksnivå og 24 plassar med lågare tryggleiksnivå.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Åna, 4365 Nærbø
Bransje
Helse og omsorg,
Politi og sikkerhet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Følg firma
1278 følger dette firmaet

Åna, 4365 Nærbø

Annonseinformasjon

FINN-kode 352905345
Sist endret 13. mai 2024 11:12

Rapporter annonse