Inaktiv

Vi søkjer kontorsjefar til fagseksjonane Geofag og Bru!

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Kontorsjefar
Frist
17.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen

Om stillinga

Er du opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø og evnar å sjå medarbeidarar? Då kan du vera akkurat den vi søkjer etter!

Etter auke av talet på medarbeidarar søkjer vi no kontorsjefar til nyoppretta stillingar på seksjonane Bru og Geofag, to stillingar på kvar seksjon. 

Seksjonene Bru og Geofag er ein del av Fagressursavdelingen i divisjon Drift og vedlikehald. Vi er landsdekkjande med omlag 40 medarbeidarar på kvar seksjon, fordelt på 10-12 lokasjonar over heile landet. Våre dyktige fagfolk arbeider med prosjekt over heile landet med hovudfokus på utbetringar, vedlikehald og driftsfasen, men også enkelte store vegprosjekt.

 

Stillinga inneber

  • personalleiing, økonomi-, mål- og resultatansvar for 20-25 medarbeidarar fordelt på 5-6 kontorstader. Du skal fordele ressursar, leie og koordinere det faglege arbeidet og sørgje for fagleg utvikling hos medarbeidarane dine.
  • HMS- og kvalitetsfokus og oppgåver på tvers av heile fagressursavdeligen
  • at du er del av leiargruppa til seksjonen og rapporterer til seksjonsleiar
  • leiing av medarbeidarar på fleire lokasjonar og noko reiseverksemd må påreknast.

Det blir lagt opp til at kontorsjefane får høve til noko fagleg arbeid i prosjekt, typisk 20-50% innanfor fagområda til seksjonane.

 

Arbeidsstad vil vere etter avtale ved ein av hovudlokasjonane våre:

  • Geofag Dov-seksjonen: Tromsø, Trondheim, Molde, Leikanger, Bergen, Lillehammer eller Drammen
  • Bru Dov-seksjonen: Tromsø, Narvik, Trondheim, Molde, Bergen, Stavanger Lillehammer eller Moss

Du må skrive i søknaden kva for arbeidsstad du ønskjer. 


Kompetansekrav

Vi ser etter deg som har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. tre år. Omfattande og relevant erfaring innan dei aktuelle fagområda kan kompensere for formell utdanning. For Geofag Dov-seksjonen er dette ingeniørgeologi, geoteknikk, skred, hydrologi og vegteknologi. For Bru Dov-seksjonen er dette modellbasert prosjektering, statikk og dimensjonering av stål og betong. For alle fag ønskjer vi at du har kompetanse på vedlikehald innan samferdsel i hele vegens livsløp.

Vi ønskjer at du har leiarerfaring, men ingen føresetnad, og at du er god på relasjonsbygging og kan vise til god gjennomføringsevne. Erfaring innan HMS-arbeid, kvalitetsarbeid, digitalisering og/eller innan drift og vedlikehald er ein fordel.

Du må ha førarkort klasse B og god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk. 

Vi ser etter deg som

  • har evne til å utvikle og motivere medarbeidarane dine og som er god til å byggje trygge medarbeidarar gjennom tillit
  • utviklar deg trygg i rollen og evnar å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg og inkluderande måte
  • jobbar sjølvstendig og strukturert, men som og samarbeider godt med andre og er ein konstruktiv lagspelar
  • tek initiativ, er lojal, løysningsorientert og trivst i eit miljø med høgt tempo og fokus på resultat
  • er opptekne av utvikling innan teknologi og digitalisering

 

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet)

 


Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Geofag Viggo Aronsen, viggo.aronsen@vegvesen.no, tlf. 48125331. 

Kontakt leiar Bru Stein Inge Rasmussen, stein.inge.rasmussen@vegvesen.no, tlf. 92653795. 


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
 
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehold har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi vedlikeheld og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Antall stillinger
4
Sted
Stakkevollvegen 35-37, 9010 Tromsø
Flere arbeidssteder
  • Sorgenfriveien 11, 7031 Trondheim
  • Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
  • Industrigata 1, 2619 Lillehammer
  • Julsundvegen 9, 6412 Molde
Bransje
Bygg og anlegg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Geologi/Fysikk/Kjemi,
Ingeniør,
Ledelse

Nøkkelord

Ingeniørgeologi, skred, vegteknologi, modellbasert prosjektering, statikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Viggo Aronsen
Stillingstittel
Seksjonsleder Geofag
Mobil
48 12 53 31
Kontaktperson
Stein Inge Rasmussen
Stillingstittel
Seksjonsleder Bru
Mobil
92 65 37 95
Følg firma
4084 følger dette firmaet

Stakkevollvegen 35-37, 9010 Tromsø

Annonseinformasjon

FINN-kode 345568768
Sist endret 18. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse