Utløpt

Til deg som ønskjar leiarstilling i ei verksemd med det viktigaste samfunnsoppdraget

Arbeidsgiver
Bufetat
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

Ved Barne-, ungdoms- og familieetaten, region vest, er det ledig ei fast 100 % stilling som avdelingsdirektør.

Er du ein leiar som vert motivert av vårt viktige samfunnsoppdrag og våre verdiar?

Bufetat si visjon er vekst og utvikling for barn, unge og familiar. Vi jobbar etter verdiane respekt, openheit og deltaking - RÅD. Vi søkjer deg som har lyst til å vere med å utvikle våre tenester for barn, ungdom og deira familiar og bidra til strategisk leiing av regionen.

Stillinga er for tida lagt til Bufetat, region vest med arbeidsstad i Bergen. Stillinga inneber noko reising, men etaten har godt utbygd modernevideokonferanseutstyr i alle tenesteområda. Avdelingsdirektør rapporterar til regiondirektør, og inngår i den regionale leiargruppa. Regionleiinga består av regiondirektør, fire avdelingsdirektørar med særskilt ansvar for oppfølging av dei einskilde tenesteeiningane, stabsdirektør og kommunikasjonssjef.


Kva vil arbeidsdagen din bestå av?

Til stillinga ligg for tida leiinga av eit senter for foreldre og barn og seks familievernkontor. Ansvarsområdane kan endre seg.

Du vil ha ansvar for å:

  • Leie einingsleiarane for dei eniningane du har ansvaret for og for nokre medabeidarar i stab.
  • Sikre at faglege og driftsmessige mål vert nådd i einingar du har ansvaret for.
  • Omsette nasjonale føringar og handlingsplanar til regionale handlingsplanar og forslag til tiltak.
  • Utvikle samarbeid med relevante private, statlege, kommunale og fylkeskommunale aktørar.
  • Delta i leiargruppa kvar veke og i jamnlege strategisamlingar og bidra til strategisk utvikling i regionen.

Kva slags bakgrunn har du?

Vi søkjar deg som har:

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule minimum tilsvarande mastergrad. Krav om master kan i særlege tilfelle fravikast om du har omfattande arbeidserfaring og vidareutdanning.
  • Relevant utdanning kan til dømes vere innan barnevern, sosialt arbeid, psykologi, sjukepleie eller liknande.
  • Utdanning med leiarfag eller tilleggsutdanning innan leiing.
  • Leiarerfaring, gjerne erfaring frå leiing av andre leiarar.
  • Samfunnsfagleg forståing og innsikt i offentleg forvalting.
  • Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Du må kunne nytte relevante fag- administrative IKT-system på ein effektiv måte.

Ved manglande utdanning innan leiing må ein pårekne å ta leiarutdanning etter tilsetjing.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer deg som:

  • Er ein engasjert og modig leiar som blir motivert av vårt samfunnsoppdrag og våre verdiar.
  • Er utviklings- og løysingsorientert.
  • Har høg arbeidskapasitet og handterar mange og komplekse oppgåver i eit høgt tempo.
  • Er strukturert og analytisk og har evne til å tenkje heilskap og tverrfagleg.
  • Skapar framdrift og har gjennomføringskraft og veit korleis ein førebur, set i gang og følgjer opp endringsprosjekt.
  • Har evne til strategisk planlegging.
  • Er dyktig på å motivere og utvikle gode strukturar for samarbeid.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1060 avdelingsdirektør, med løn fra kr 895 500 til kr 1 078 600 pr år (ltr. 81-88).
  • Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar, kan høgare løn avtalast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlåntil konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Vi tilbyr deltaking på: Bufetat si eiga leiarskule, leiarsamlingar for regionleiinga, leiarar regionalt og leiarar nasjonalt.
  • I tillegg kan vi frista med ein spanande arbeidsstad, med eit godt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheitar.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familar eit enda betre tilbod.
  • Høve til å trena inntil ein time i veka i arbeidstida.
  • Godt tverrfagleg miljø.
  • Du blir ein del av ei leiargruppe med ambisjonar om å arbeide saman som eit team.


Informasjon til deg som søker

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar, nyttar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Regionkontoret, funksjon Barn og familiar.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følgje.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal lastas opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt tas med ved eit eventuelt intervju.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Ledelse,
Omsorg og sosialt arbeid
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Leder, Sosialfag, Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Alette Hilton Knudsen
Stillingstittel
Stabsdirektør
Telefon
91 33 70 60
Kontaktperson
Marianne Kildedal
Stillingstittel
Regiondirektør
Telefon
45 06 54 50
Følg firma
4302 følger dette firmaet

Solheimsgaten 11, 5058 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 343680973
Sist endret 22. apr. 2024 08:12

Rapporter annonse