Utløpt

Dagleg leiar

Arbeidsgiver
Sogndal IL Fotball
Stillingstittel
Daglig Leder
Frist
10.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Me tilbyr ei av dei mest spanande og utfordrande leiarstillingane på Vestlandet, og håpar du er den vi leitar etter!

Me skal etablere arenaer for innovasjon og entreprenørskap og vidareutvikle samspelet mellom dei frivillige og profesjonelle miljøa. Sportsleg har vi mål om å vere blant dei beste fotballklubbane på herresida i norsk fotball. Utgangspunktet for arbeidet er vår visjon som er "utviklingsarena for toppfotball", der kjerneverdiane "Ambisiøse og utvikande – inkluderande og ærlege" står sentralt.

 

Som dagleg leiar i Sogndal IL Fotball vil du leia ein klubb og ei verksemd med kunnskapsrike og dyktige tilsette. Du vil få arbeide med motiverte menneske som er opptekne av å skape resultat for klubben. Dagleg leiar si oppgåve er å vidareutvikle organisasjonen og samarbeidet med våre partnarar. Vi ønskjer deg som er god på relasjonar, omdømebygging og forretningsutvikling.

 

Ansvarsområde:

  • Ansvar for den daglege drifta
  • Økonomisk styring og rapportering med tilhøyrande resultatansvar
  • Personalansvar – gjennom å motivera tilsette mot felles mål og bygge god kultur
  • Vidareutvikla verksemda organisatorisk
  • Gode relasjonar med samarbeidspartnarar og representere klubben utad

 

Kven er du?

  • Leiarerfaring
  • Erfaring med utviklings- og strategiarbeid
  • Bakgrunn/ interesse frå fotball eller idrett
  • Framoverlent og nyskapande
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner


Om arbeidsgiveren

Sogndal IL Fotball har sidan 70-talet vore ein toppklubb i norsk fotball. Samstundes er Sogndal IL Fotball ein viktig utviklingsaktør i vår region med eit stort samfunnsansvar. Vi skal vere ei drivkraft for utvikling med utgangspunkt i miljøet på Fosshaugane – Campus i Sogndal. Det er i alt 20 tilsette og 25 spelarar i organisasjonen. Sogndal IL Fotball omset for ca. NOK 50 mill. For meir informasjon sjå våre heimesider.

Nettverk
Facebook
Sektor
Organisasjoner
Lederkategori
Leder
Sted
Trolladalen 30, 6856 Sogndal
Bransje
Idrett og trening
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Rune Årøy
Stillingstittel
Styreleiar
Mobil
95 04 42 40
Kontaktperson
Trude Ramstad
Stillingstittel
Nestleiar
Mobil
95 22 00 28
Følg firma
1 følger dette firmaet

Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 340450636
Sist endret 29. mar. 2024 14:32

Rapporter annonse