
Seksjonsleiar
Helse Bergen
- Frist 29.10.2023
Seksjonsleiar ved Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR)
Stadig fleire får kreft. Korleis vi støttar og bidrar til pasientane si kunnskap om tilheiling og rehabilitering har mykje å seie for korleis dei får det etter sjukdom. Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) tilhøyrer Kreftavdelinga, og er eit senter for kreftramma og deira pårørande.
Vi gir opplæring til kreftpasientar og pårørande rehabilitering i form av råd om livsstil og åtferdsendring, trygdespørsmål og meistring så vel som fysisk opptrening, psykososiale støttetiltak og rekreasjon. Tilbodet kan nyttast i forkant av, under og etter behandling. Pusterommet treningssenter er ein del av senteret.
KOR har 13 medarbeidarar. Vi er sentralt plassert i Parkbygget, men har nære samarbeidspartnarar i kort gangavstand.
Vår mangeårige leiar går nå av med pensjon. Vi søker difor ein leiar som vil vidareutvikle tenesta, både med tanke på felles løysingar, nye samarbeidsarenaer, tilpassa behandling, e-meistring og tett samarbeid med forsking og pasientorganisasjonar. Det er viktig for oss å arbeide forskingsbasert og vi tar del i fleire forskingsprosjekt. Leiar er p.t ein del av leiargruppa ved Kreftavdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Seksjonsleiar har ansvar for drift, fag, økonomi, budsjett og personell knytta til seksjonen
- Markedføring av seksjonen sitt tibod til pasientar
- Samarbeid med relavnte avdelingar, einingar og pasientorganisasjonar
- Søke om forskingsmidlar med henblikk på korte- og langsiktige effektar ev opplæring og rehabilitering
Kvalifikasjonar
- Gode leiareigenskapar og leiarerfaring er ein fordel
- Formell leiarutdanning er ønskeleg, men ikkje eit krav
- Det er ein fordel kunnskapar om rehabilitering for pasientar med ulike kreftdiagnosar
- Du er opptatt av å arbeide forskingsbasert
- Erfaring frå leiing av endringar vil vektleggast positivt
- Du er god til å formidle kva ein kan gjere sjølv og kva moglegheiter som finst mht. tilbod og hjelp som finst
- Relevant helsefagleg bakgrunn
Personlege eigenskapar
- Du er samlande, har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dine medarbeidarar
- Du er kommunikativ, engasjert og motivert for å skape felleskapfølelse på tvers av avdelingar og fagområder
- Du har god fagleg vurderingsevne, er strukturert og resultatorientert
- Du arbeidar godt både sjølvstendig og i team
- Du arbeider målretta og tåler å stå i krevande situasjonar
- Du arbeider strukturert og analytisk med ein positiv endringsdrivar
Vi tilbyr
- Interessante, samfunnsnyttige og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Godt arbeidsmiljø med god kollegastøtte og høg fagleg kompetanse
- Eit godt fagleg miljø i ein organisasjon som er i stadig utvikling
- Utfordrande og variert arbeid
- Ein trygg arbeidsplass
- Ei kreftavdeling i verdsklasse
- Lønn og tiltredelse etter avtale
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
seksjonsleiar,, seksjonsleder,, kreftavdeling,, KOR,, Kreftsenter
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323458248
- Sist endret