
Assisterande seksjonsleiar
Helse Bergen
- Frist 22.10.2023
Assisterande seksjonsleiar
Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) er ei avdeling i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern. Seksjon S4 er ein lukka korttidspost i ASP, lokalisert på sandvikenområdet. ASP tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasienter med psykoselidningar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå. ASP har 6 døgnseksjoner og ein poliklinikk med team for tidlig oppdagning av personar med schizofrenispektrum lidningar (TOPS).
Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn i psykisk helsevern. Kvalitet i behandling, pasientryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt. Vi er inne i ein spennande prosess med utforming og styrking av framtias psykiske helsevern.
Vi søkar ein assisterande seksjonsleiar som kan vera med på å videreutvikle eit godt fagmiljø og arbeidsmiljø i seksjonen, avdelinga og klinikken som heilskap. Som assisterande seksjonsleier vil du få eit spesifikt ansavar knytt til fagutvikling, og vil vere ein sentral aktør i arbeidet med å videreutvikle tilbodet til pasientar med psykoselidningar. Stillinga vil og gi ein unik moglegheit til å byggje erfaring innan administrasjon og leiing.
Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Saman med seksjonsleiar sørge for forsvarleg drift av seksjonen
- Saman med seksjonleiar, legge til rette for personale si kompetanseutvikling
- Særskilt ansvar for opplæring og oppfølging av nytilsette og studentar.
- Delta i og følge opp seksjonens forbetringsarbeid
- Medansvar for arbeidstidsplanlegging/bemanning
- Bidra til gode og effektive pasientløp.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Bidra til godt samarbeid internt med andre seksjonar og eksternt med DPS/kommune
- Delta i avdelinga sitt leiarteam og vera stedfortredar for seksjonsleiar
- Bidra i seksjonens kliniske arbeid.
Kvalifikasjonar
- Søkar må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, samt relevant vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller rus
- Relevant sjukehus- og/eller leiarerfaring er ønskeleg
- Erfaring frå samarbeid på tvers av etatar og yrkesgrupper er ønskeleg
- Må meistre norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert i fag, kompetanse og rettleiing
- Du arbeider strukturert, sjølstendig, effektivt og målretta
- Du kommuniserer godt med dei rundt deg
- Du er opptatt av samarbeid, og blir sett på som ein bidragsytar i samarbeid med andre
- Du er lojal til vedtatte avgjerder og er opptatt av gode arbeidstilhøve
- Du er fleksibel, løysingsorientert og trivast med varierte utfordringar
- Du trivast i et aktiv og travelt miljø
Vi tilbyr
- Eit arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå, engasjerte kollegaer og tydleg pasientfokus
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fagutvikling
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
Assisterende,, seksjonsleder,, akutt, psykose,, psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322360366
- Sist endret