Utløpt

Seksjonsleiar 

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Frist
14.08.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Engasjerte medarbeiderarar søkjer leiar! 

Augeavdelinga har ledig stilling som seksjonsleiar for Operasjonseininga. Det er igangsatt ein prosess med mål om å slå saman den operative verksemda vår til ei eining i løpet av hausten 2022. Der vil ny seksjonsleiar vera ein viktig ressurs for å utforme den nye eininga. 

Vi søkjer etter ein nytenkjande og løysingsorientert leiar, som med sin veremåte bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø. Du er engasjert, opptatt av leiarskap, tar ansvar og samarbeidar godt både internt og eksternt. Du har et ønskje om å kunne bidra til utvikling av pasientens helsetjeneste. Du vil få gleden av å lede 20 engasjerte, fagleg oppdaterte og kompetente medarbeidarar. Vi arbeider for kontinuerleg høg fagleg kvalitet og pasienttryggleik i eit triveleg miljø.

Vi er den største augeavdelinga i Helse Vest. Avdelinga utfører om lag 50 000 behandlingar pr.år, og dekkjer alle funksjonar innan augebehandling. Augeavdelinga har hatt ein stor auke i aktivitet dei siste åra, og det er forventa ytterlegare auke i aktiviteten i åra som kjem. Derfor treng vi ein ny leiar som er klar for å finne gode løysingar i lag med oss.  Les meir om oss her.

Vi søkjer etter deg som ønskjer å bidra til at avdelinga sine ressursar blir forvalta til det beste for pasientane våre, i lag med mange dyktige kollegaer. Seksjonsleiar rapporterer til avdelingsdirektør Kjetil Sævartveit og er med i avdelinga si leiargruppe.

Arbeidsoppgåver

  • Fag, personal- og resultatansvar 
  • Ansvar for kompetansekartlegging, rett fagleg utvikling av dei tilsette 
  • Ansvar for god resursstyring, sikre fagleg forsvarlege tenester, pasienttryggleik og kvalitet i eininga
  • Utvikle mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammer og strategiar
  • Aktiv deltaking i leiargruppa med eit overordna perspektiv på Augeavdelinga sine oppgåver og utvikling 

Kvalifikasjonar

  • Relevant leiarutdanning og/ eller -erfaring er ein fordel 
  • Du har erfaring frå samarbeid på tvers av faggrupper og organisatoriske einingar
  • Du er ein kulturbyggar som er opptatt av å få til ein felles kultur 
  • Det er ønskjeleg med relevant klinisk erfaring frå fagområdet 
  • Gode datakunnskapar
  • Må meistre norsk språk godt både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er ein er utviklingsorientert leiar med gode kommunikasjonsevner
  • Du er nytenkjande, framtidsretta og løysingsorientert
  • Du er engasjert og trivast med å gjere andre gode
  • Du er analytisk og strategisk
  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du er opptatt av involvering og får folk med deg

Vi tilbyr

  • Eit spennande fag- og forskingsmiljø
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Deltaking i Helse Bergens eige leiarutviklingsprogram
  • Fagleg- og personleg utvikling
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Ledelse

Nøkkelord

Seksjonsleiar,, seksjonsleder,, Augeavdelinga,, Øyeavdelingen

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjetil Sævarveit
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Telefon
90 83 11 23
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 264504531
Sist endret 6. jul. 2022 10:07

Rapporter annonse