Utløpt

Seksjonsleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Frist
02.03.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Spennande leiarstilling i ei av Noregs fremste avdelingar for behandling av kreftpasientar!

Seksjon for medisinsk fysikk er ein av syv seksjonar i Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen er organisert i fleire fagansvarsgrupper med gruppeleiarar; klinisk fysikk, dosimetri, data- og biletegruppe, røntgenfysikk, service og doseplan, samt ei forskingsgruppe med eigen gruppeleiar.
Seksjon for medisinsk fysikk har ca. 40 medarbeidarar beståande av medisinske fysikere, service-ingeniørar, IKT-medarbeidarar og doseplanleggjarar. Den største faggruppa består av fysikarar med mastergrad og nokon med doktorgrad. Seksjonens tilsette samarbeider tett med legar og stråleterapeutar ved avdelinga. I seksjonen er det ein eigen forskingsgruppe som for tida består av 4 heiltidsforskarar og 3 stipendiatar.

Les meir om seksjonen her: Seksjon for medisinsk fysikk 

Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling. Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod. Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå. Innan stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeida spesielt for den enkelte pasient, for å oppnå best mogleg effekt på kreftsjukdomen, og redusere biverknader. Avdelinga har topp moderne utstyr for stråleterapi og førebur seg nå til at den i 2024 skal starte og drive protonbehandling i eige, nytt protonsenter.

Les meir om avdelinga her: Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk 

Noverande seksjonsleiar skal pensjonere seg våren 2022, og vi søkjer etter ny seksjonsleiar som skal vere seksjonens faglege og administrative leiar. Som seksjonsleiar  rapporterer du til avdelingsdirektør Hans Petter Eikesdal, og du blir ein del av leiargruppa ved Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk.

Arbeidsoppgåver

  • Vere strategisk partnar for avdelingsdirektør og bidra med konkrete tiltak ved krevjande prioriteringer på alle nivå
  • Bidra i arbeidet med strategi, budsjett og  verksemdsplanar for avdelinga
  • Fag-, budsjett-, personal- og resultatansvar for seksjonens samla verksemd
  • Hovudansvarleg for utvikling av fagområdet medisinsk fysikk og dei fagfelta som seksjonen har ansvar for
  • Leggje til rette og vere pådrivar for forsking, metodeutvikling, undervising og kompetanseutvikling
  • Bidra til eit godt nasjonalt samarbeid og samarbeidsstrukturar innan medisinsk fysikk
  • Ta initiativ og bidra til godt samarbeidsklima internt i sjukehuset og mot eksterne aktørar
  • Hovudansvarleg for planlegging vedrørande anskaffing av medisinsk-teknisk utstyr relatert til stråleterapi ved avdelinga, delaktig i anbod/innkjøpsprosessar
  • Hovudansvarleg for strålebruk i eiga avdeling
  • Ansvar for systematisk HMS-arbeid

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk fysikar med minimum mastergrad innan fagfeltet medisinsk fysikk
  • Lang erfaring frå arbeid som fysikar innan medisinsk fysikk
  • Det bloir lagt vekt på formell leiarutdanning/ leiaropplæring og leiarfaring
  • Det blir lagt vekt på forskingskompetanse
  • Må meistre norsk og engelsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Initiativrik, sjølvstendig og analytisk
  • Evne til å organisere og prioritere
  • Evne til å vere strategisk, prosess- og målorientert
  • Evne og vilje til å vidareutvikle og styrkje forsking og utdanning
  • Evne til å motivere, samle og utvikle andres kompetanse
  • Samarbeidsorientert og god relasjons- og teambyggjar
  • Positiv, fleksibel og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Interessante, samfunnsnyttige og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø med god kollegastøtte og høg fagleg kompetanse
  • Eit godt fagleg miljø i ein organisasjon som er i stadig utvikling
  • Utfordrande og variert arbeid i eit av Noregs største stråleterapimiljø
  • Ein trygg arbeidsplass
  • Løn og tiltredelse etter avtale


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Kreft/onkologi,
Ledelse

Nøkkelord

Seksjonsleiar,, seksjonsleder,, avdeling, for, kreftbehandling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hans Petter Eikesdal
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Telefon
55 97 21 22
Kontaktperson
Anfinn Mehus
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 20 25
Følg firma
2248 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 247769485
Sist endret 16. feb. 2022 08:46

Rapporter annonse