Utløpt

Avdelingsdirektør ved kreftbehandling og medisinsk fysikk

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Avdelingsdirektør - Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk ved Haukeland universitetssjukehus
Frist
05.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Vil du bli direktør på kreftavdelinga?
- og sentral i utviklinga av kreftbehandlinga på vestlandet

Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk på Haukeland Universitetssjukehus er ei avdeling med ansvar for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest. Avdelinga er i stor vekst med aukande aktivitet, eit kostnadsbudsjett på en halv milliard kroner i år og omlag 400 årsverk. Som avdelingsdirektør vil du leie dyktige og engasjerte fagfolk og du evner å sette i verk tiltak og prosessar gjennom godt samarbeid.   


Om Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk
Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar, utvikling av nye behandlingstilbod og basalforsking. Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeida spesielt for den enkelte pasient. Frå 2019 til i dag er det ei auke i aktivitet på 11% i avdelinga. Poliklinisk behandling er i år på 80.000 frammøtte til poliklinisk behandling, innleggingar og kontrollar. Les om avdelinga her

Avdelinga har organisert sin aktivitet gjennom einingane for kontor, legar, poliklinikk, to døgnpostar, stråleterapi og medisinsk fysikk. Det er tre sentra tilknytt avdelinga; Kreftsenter for opplæring og rehabilitering, Kompetansesenter for lindrande behandling og Vardesenteret.

Som avdelingsdirektør ønskjer du å vidareutvikle avdelinga mot framtida og du forstår balansen mellom god klinisk drift, forsking og utvikling.

Det er høg forskingsaktivitet ved avdelinga og fleire forskingsgrupper med nasjonalt gjennomslag. Å skape interesse for forsking er viktig i faget si utvikling og har høg prioritet ved avdelinga. Både medisinsk-, medisinsk fysikk- og sjukepleie forsking har auka forskingsaktivitet dei siste åra. Protonterapi blir etablert ved Haukeland universitetssjukehus som eitt av to anlegg i Noreg. Avdelinga er sentral i planlegging av fleirregional funksjon protonterapi, delt mellom Oslo universitetssjukehus og Haukeland universitetssjukehus. Om protonsenteret i Bergen

Vi søkjer ein avdelingsdirektør som:
- bidrar til vidareutvikling av god drift og organisering av klinikken gjennom godt leiarskap
- ønskjer å være ein god samarbeidspartnar for einingane på sjukehuset, for sjukehusa i regionen og nasjonalt
- bidrar til å oppretthalde og vidareutvikle den høge aktiviteten innan forsking og utdanning ved klinikken

Som direktør vil du rapportere til administrerande direktør og være ein del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus. Ta gjerne kontakt for ytterlegare informasjon.      

 

Arbeidsoppgåver

  • Sikre rett utvikling av behandling gjennom medisinsk prioritering. Være ein aktiv bidragsytar for å leggje til rette for pasientens helseteneste
  • Sikre koordinering av den daglege drifta, god kvalitet og medisinsk prioritering, innanfor tildelte rammar
  • Bidra til at medarbeidarar er engasjerte med ønskje om kontinuerlig å forbetre tenestene og eigen arbeidskvardag
  • Gjennomføre strategi-, verdi- og haldningsarbeid
  • Skape effektive pasientløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
  • Samarbeide tett med andre einingar på sjukehuset og sjukehusa i regionen samt primærhelsetenesta
  • Samhandlar med universitet og høgskular
  • Totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet
  • Legge til rette for opplæring, utdanning og forsking
  • Medansvar for at føretaket når sine mål

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg, medisinsk-, eller anna relevant høgare utdanning
  • Relevant leiarerfaring og leiarutdanning
  • God kunnskap om spesialisthelsetenesta, våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar
  • God kunnskap og erfaring innan forbetringsarbeid og -prosessar
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og samarbeid med universitet og høgskular

Personlege eigenskapar

  • Handlekraftig, inspirerande og inkluderande
  • God kommunikasjons- og relasjonskompetanse
  • Heilskapleg og samfunnsmessig forståing
  • God økonomi- og organisasjonsforståing
  • Strukturert og planmessig i arbeidet
  • Robust med evne til å være tydeleg og synleg 
  • Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla
  • Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit sjukehus med stort fokus på kvalitetsforbetring og pasienttryggleik
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege,
Sykepleier / Kreft/onkologi,
Lege / Overlege,
Sykepleier,
Helsepersonell,
Lege / Kreft/onkologi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tove Huse Bjerkevoll
Stillingstittel
Rådgivar innan leiarrekruttering
Telefon
48 07 38 34
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 232186628
Sist endret 17. sep. 2021 08:14

Rapporter annonse