Utløpt

Seksjonsleiar ved Kronstad DPS, Allmennpoliklinikk 1

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Seksjonsleiar ved Allmennpoliklinikk 1
Frist
01.06.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) har ansvar for psykiatrisk utgreiing og behandling innan allmennpsykiatriske problemstillingar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda i Bergen kommune. Det er ca. 90 000 innbyggjarar over 18 år i området, og mange er studentar.

Vi søkjer etter ein engasjert, ansvarleg og løysingsorientert leiar som ønskjer å vidareutvikle og leie den polikliniske verksemda i Kronstad DPS. Vi ser helst at du er lege- eller psykologspesialist.

Allmennpoliklinikk 1
Kronstad DPS er inndelt i fagområda psykose og allmennpsykiatri. Fagområde allmennpsykiatri har 2 poliklinikkar. Du vil bli leiar for allmennpoliklinikk 1. Det er 26 tilsette i poliklinikken og vi er organisert i 4 behandlarteam, leia av spesialistar. Vi tar imot tilvisingar frå fastlegar, legevakta, sjukehus og private spesialistar, og vi samarbeider tett med andre einingar i Kronstad DPS. 

Seksjonen er tverrfagleg samansett og har brei kompetanse i mellom anna psykodynamisk psykoterapi, kognitiv terapi, traumebehandling og ADHD behandling. I poliklinikken arbeider det flest psykologspesialistar og psykologar. I tillegg er det tilsett overlegar og sjukepleiarar. Vi har fleire tilsette med forskingskompetanse.

Visjon og verdiar
Vår visjon er å fremje helse og livskvalitet, og verdiane våre er:
- Respekt i møte med pasienten
- Kvalitet i prosess og resultat
- Tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg

Vi ønskjer oss
Vi søkjer deg som er fagleg engasjert og opptatt av leiarskap. Du er interessert i fagutvikling og vert motivert av å arbeide i eit miljø med høg fagleg kompetanse. Det er viktig for deg at poliklinikken og Kronstad DPS sine ressursar blir forvalta til det beste for pasientane.

Gode pasientprosessar er avgjerande og samhandling blir derfor stadig viktigare. Som leiar ved Kronstad DPS blir du ein sentral samarbeidspartnar til mellom anna Bergen kommune og andre einingar innan spesialisthelsetenesta. Du vil som leiar for allmennpoliklinikk 1 vere ein viktig aktør i arbeidet med å oppretthalde og å vidareutvikle gode interne prosessar i Kronstad DPS. Vi ønskjer ein seksjonsleiar som er heilhetstenkjande og som engasjerer seg for heile klinikken og alle pasientgruppene våre.

Du vil som leiar få moglegheit til å drive fagutvikling gjennom dyktige og nytenkjande medarbeidarar. Det vert lagt vekt på leiarstøtte i oppstartsfase.

Arbeidsoppgåver

  • Fag-, personal- og økonomiansvar for Allmennpoliklinikk 1
  • Ansvar for at vi leverer polikliniske tenester i tråd med faglege retningsliner og overordna krav
  • Ansvar for å leggje til rette for eit godt og lærande arbeidsmiljø
  • Leggje til rette for fagleg og personleg utvikling hos den enkelte og motivere til fagutvikling
  • Halde seg oppdatert og orientert om gjeldande lover og føresegner
  • Sjå DPSet sin samla aktivitet som ein heilskap
  • Medverke til at seksjonen sine totale ressursar vert utnytta til det beste for heile Kronstad DPS
  • Som seksjonsleiar rapporterer du til klinikkdirektør, og du blir del av leiargruppa ved Kronstad DPS

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i klinisk psykologi eller spesialist i psykiatri
  • Norsk autorisasjon 
  • Relevant erfaring frå psykisk helse/ DPS
  • Leiarerfaring og leiarutdanning er ønskjeleg, men ikkje påkrevd

Personlege eigenskapar

  • Fagleg sterk, engasjert og fleksibel
  • Evne til å delegere, motivere og spele medarbeidarar gode
  • Vere stukturert og måretta
  • Sterk på avgjerder og gjennomføring
  • Tydeleg på forventingar og tilbakemeldingar
  • Gode kommuniksasjons- og samarbeidsevner, trivast i eit fleirfagleg miljø
  • Vere opptatt av trivsel og arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Leieropplæring og leiarstøtte
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Lege / Psykiater,
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

Seksjonsleiar, ved, Kronstad, DPS,, Allmennpoliklinikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sindre Angeltvedt
Stillingstittel
Klinikkdirektør
Telefon
55 95 60 00
Kontaktperson
Lars Onsrud
Stillingstittel
Klinikkoverlege
Telefon
55 95 60 00
Følg firma
1216 følger dette firmaet

Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 218364729
Sist endret 12. mai 2021 10:09

Rapporter annonse