Utløpt

Vil du vera leiar for eit unikt samarbeid om skuleutvikling på Jæren?

Arbeidsgiver
Gjesdal kommune
Stillingstittel
Utviklingsleiar for Jærskulen
Frist
26.01.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Gjesdal Kommune

Jærskulen er eit omfattande og unikt samarbeid om skuleutvikling mellom kommunane Gjesdal, Hå, Klepp og Time.
Sentrale mål for Jærskulen er å vidareutvikle elevane sitt læringsmiljø og å bidra til auka læringsutbytte. Dette omfattar interkommunale samarbeidsstrukturar på fleire nivå. Skulesjefane, dei hovudtillitsvalde for Utdanningsforbundet og utviklingsleiar utgjer styringsgruppa for Jærskulen.

Utviklingsleiar for Jærskulen skal leia og koordinera arbeidet med å vidareutvikle Jærskule-samarbeidet med utgangspunkt i etablerte mål, strukturar og tiltak. 

Ansvar og myndigheit

  • Jærskule-samarbeidet er forankra i kommunestyrevedtak i kommunane. 
  • Utviklingsleiar er formelt tilsett i ein av kommunane. 
  • Utviklingsleiar rapporterer til- og får oppgåver ut frå prioriteringane til styringsgruppa for Jærskulen. 
  • Ansvar for utvikling og endringsarbeid i det interkommunale samarbeidet 
  • Det er i kommunestyra i alle fire samarbeidskommunar vedteke eit strategidokument som gjev rammar og er styrande for det vidare arbeidet med Jærskulen.

Viktige arbeidsoppgåver knytt til stillinga

  • Førebu og leggja til rette for prosessane i styringsgruppa.
  • Delta i profesjonsfellesskap med skulesjefar og rådgjevarar i arbeid ut mot skulane.
  • Vidareutvikla dei ulike tiltaksområda i Jærskule-samarbeidet i samarbeid med skulekontora i kvar kommune.
  • Utvikla, leia og koordinera kunnskapsbaserte prosessar innafor dei ulike nettverks- og samarbeidsstrukturane i Jærskulen i samarbeid med styringsgruppa.
  • Overordna ansvar for samlingar i Jærskulen sin regi.
  • Utarbeida gode og handlingsorienterte planar.
  • Samarbeida med fagforeiningar, politisk nivå, skuleeigar, utdanningsinstitusjonar og forskingsmiljø.
  • Representera Jærskulen i interkommunalt samarbeid i Utdanningsregion Sør, i Rogaland saman med representantar frå Sandnes, Dalane og universitetet i Stavanger.

Kvalifikasjoner

  • Pedagogisk utdanning og praksis.
  • Praksis innanfor skuleleiing.
  • Innsikt i skuleeigar sine oppgåver og ansvar.
  • Leiarutdanning.
  • God skriftleg framstillingsevne.
  • Kan leie utviklingsprosessar.
  • God digital kompetanse.

Om arbeidsgiveren



Jærskulen er eit forpliktande samarbeid om skuleutvikling i Hå, Gjesdal, Klepp og Time. I Rogaland er kommunane delt opp i tre utdanningsregionar. Jærskulen er saman med Dalane og Sandnes del av Utdanningsregion Sør.



I dei fire Jærkommunane har me 33 gode skular med dyktige lærarar, skuleleiarar og andre tilsette. Alle dei fire kommunane har tradisjonelt hatt eit sterkt fokus på skule og skuleutvikling. 



Jærskommunane hadde over mange år bygd opp Jærnettverket til å bli eit svært godt nettverk for samarbeid om skuleutvikling då ein i 2011 utforma eit mål og prinsippdokument som var bakgrunnen for Jærskulen.



Det var kommunalsjefar og hovudtillitsvalde frå utdanningsforbundet som skipa Jærskulen i 2011.



Frå 2013-2019 var Jærskulen eit prosjekt for kommunane. Frå og med 2019 er samarbeidet ein fast avtale om skuleutvikling. Jærskulen er forankra gjennom politisk vedtak i dei fire kommunane sine kommunestyre.



Dette samarbeidet skal gje leiing og tilsette den styrken som skal til for å oppnå eit betre læringsutbytte for grunnskuleelevane på Jæren.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Rettedalen 1, 4330 Ålgård
Bransje
Barn, skole og undervisning,
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Veileder

Nøkkelord

jærskolen, utvikling, leder, pedagog, læring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jone Haarr
Stillingstittel
kommunalsjef oppvekst i Gjesdal kommune
Telefon
41 16 19 67
Følg firma
270 følger dette firmaet

Rettedalen 1, 4330 Ålgård

Annonseinformasjon

FINN-kode 202251412
Sist endret 6. jan. 2021 16:25

Rapporter annonse