Utløpt

Teamleiar Avdeling for rusmedisin, Heroinassistert behandling (HAB)

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Teamleiar Avdeling for rusmedisin, Heroinassistert behandling (HAB)
Frist
09.12.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Avdeling for rusmedisin skal etablere eit prøveprosjekt med heroinassistert behandling (HAB). Vi søkjer leiar til å byggje opp og leie HAB som integrert del av legemiddelassistert rehabilitering (LAR) i prosjektperioden, som er åra 2021-2025.

Seksjon LAR har ansvaret for behandlinga til LAR-pasientane i Bergen og omegn. Seksjonen har poliklinikkar i kvar bydel i Bergen og eit eige team for pasientar i omegnskommunane. Heroinassistert behandling skal organiserast som eit eige team i seksjon LAR.

I heroinassistert behandling vert det tilbydd medisinsk framstilt heroin til ei målgruppe pasientar med opioidavhengigheit som ikkje har lukkast i ordinær LAR. Heroinet vert administrert ved intravenøse injeksjonar i klinikken to gonger dagleg, sju dagar kvar veke. Prøveprosjektet skal følgjast av forsking og det vil bli tett samarbeid med forskingsmiljøet i Avdeling for rusmedisin. Teamleiar vil få ei viktig rolle i samarbeidet, og har ansvar for å sikre innsamling av forskingsdata. 

Som teamleiar for heroinassistert behandling er man del av leiargruppa i LAR og har seksjonsleiar i LAR som næraste leiar.

Teamleiar organiserer den daglege drifta og må dessutan pårekne å delta i det kliniske arbeidet etter behov. Sjukepleiarane i HAB skal sikre trygge injeksjonar og handtere eventuelle overdosar, vere pasientens primærbehandlar og koordinator i LAR, og samle inn data til forsking.

Teamleiar har delegert personalansvar og fagleg ansvar for sjukepleiarar og anna personale med treårig grunnutdanning. I teamet vil det òg vere lege og psykolog. 

Teamleiar skal sikre tett samarbeid om pasientane med kommunale tjnester og fastlegar, samt med psykisk helsevern, andre LAR-team og andre seksjonar i Avdeling for rusmedisin etter behov. Teamleiar må meistre tverrfagleg arbeid og fagutvikling. 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å organisere den daglege drifta av Heroinassistert behandling (HAB)
  • Bidra i utviklinga av det faglege innhaldet i behandlingn, herunder rutinar, opplæring av tilsette etc.
  • Delegert personalansvar for sjukepleiarar og anna personell med treårig grunnutdanning
  • Etablere og vedlikehalde eit godt arbeidsmiljø
  • Sikre innsamling av data til forsking på HAB
  • Ansvar for den systematiske samhandlinga om pasientar med kommunale tenester 
  • Ein blir del av leiargruppa i Avdeling for rusmedisin, LAR 

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar
  • Krav om norsk autorisasjon
  • Erfaring med og kompetanse på LAR vil bli tillagt vekt
  • Relevant erfaring som leiar vil bli tillagt vekt
  • Erfaring med forsking er ein fordel
  • Erfaring med injeksjonsbehandling og akuttbehandling ved overdosar er ein fordel
  • Leiarutdanning vil telje positivt, det same vil fagleg relevant vidareutdanning
  • Kunnskap om tverrfagleg spesialisert behandling (TSB) og andre delar av tenestetilbodet innan rus- og avhengigheit er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å leie medarbeidarar i oppfølging av ein pasientgruppe med stor sjukdomsbyrde og hjelpebehov
  • Gode evner til samarbeid
  • Evne til systematisk, konstruktiv samhandling med samarbeidspartnarar
  • Interesse for helsetenesteutvikling og forsking
  • Stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb i eit dynamisk og krevjande fagfelt
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Stadig nye utfordringar
  • Moglegheit til å påverke utviklinga av heroinassistert behandling i Bergen 

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Østre Murallmenning 7, 5012 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Sykepleier / Psykiatri,
Ledelse

Nøkkelord

Teamleiar, Avdeling, for, rusmedisin,, Heroinassistert

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Christian Ohldieck
Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar, AFR Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
Telefon
47 31 84 19
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Østre Murallmenning 7, 5012 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 198926081
Sist endret 19. nov. 2020 08:03

Rapporter annonse