Utløpt

Einingsleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Einingsleiar Poliklinikk for overvekt
Frist
16.10.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Ønskjer du varierte arbeidsoppgåver og leiarutfordringar?

Medisinsk avdeling søkjer einingsleiar til poliklinikk for Overvekt.

Poliklinikk for Overvekt er ein tverrfagleg poliklinikk som tilbyr utgreiing og behandling av fedme til barn, ungdom og vaksne. Vi jobbar i tverrfagleg team som består av lege, sjukepleiar, klinisk ernæringsfysiolog, fysioterapeut og psykolog. Fleirfagleg tilnærming med dagleg tverrfaglege møte er ein viktig del av behandlingsforløpet til kvar pasient. Det overordna målet med behandlinga er å bidra til betre helse gjennom varige endringar, levevanar og vektreduksjon. Dette inneber medisinsk utgreiing, førebygging og behandling av livsstilssjukdomar, medikamentell behandling, livsstilsintervensjon og gruppebaserte livsstilskurs.

Poliklinikken er ein eigen poliklinisk driftseining ved Endokrinologisk seksjon under Medsinsk avdeling. Eininga vert leia av einingsleiar som har fagansvar for sjukepleiaressursane og koordineringsansvar for dei andre faggruppene. Overlege ved Endokrinologisk seksjon har det medisinske ansvaret for vaksne. For barn og unge er det barneoverlege ved Barne- og ungdomsklinikken (BUK) som har medisinsk fagansvar.

PFO er ein matriseorganisasjon med fleire tverrfaglege samarbeidspartnarar som Avdeling for klinisk ernæring, Fysioterapiavdelinga, Klinikk for psykisk helsevern for barn og unge, Avdeling for spiseforstyrringar og sosionomtenesta ved sjukehuset. Eininga har i tillegg eit tett samarbeid med bariatrisk kirurgisk miljø på Voss og dialog med primærhelstenesta. PFO har eit aktivt fag- og forskingsmiljø.

Vi søkjer ein leiar som ved sin veremåte bidrar til eit positivt og godt miljø for fagutvikling og teamarbeid. 

Arbeidsoppgåver

  • Fag-, økonomi- og personalansvar
  • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg pasientbehandling
  • Bidra i utvikling og forbetring av avdeling og sengepost

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant erfaring innanfor hormonsjukdomar eller fedmebehandlingt er ein føremon
  • Vidareutdanning innanfor dette fagfeltet eller leiing
  • Leiarerfaring kan kompensere for manglande vidareutdanning
  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner og eit godt lag med folk og får fram det beste i dei
  • Du har motivasjon og interesse for leiarskap
  • Du har god vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du kan arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
  • Du kommuniserer godt med alle faggrupper
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Opplæring og etterutdanning

Om arbeidsgiveren



Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Nøkkelord

Einingsleiar, Poliklinikk, for, overvekt

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Solveig Hansen
Stillingstittel
Assisterande avdelingsdirektør
Telefon
95 18 29 85
Kontaktperson
Kahtan Al-Azawy
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Telefon
55 97 29 15
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 192685987
Sist endret 25. sep. 2020 12:38

Rapporter annonse