Utløpt

Seksjonsleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Frist
01.09.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Mikrobiologisk avdeling er ei laboratorieavdeling ved Haukeland universitetssjukehus, og med sine vel 100 tilsette er avdelinga eit av dei største mikrobiologisk laboratoria i landet. Avdelinga tar i mot prøvar frå pasientar i sjukehus og frå primærhelsetenesta. Vi gjer vårt beste for at mikrobiologiske prøvar vert analysert raskt og med god kvalitet. Avdelinga er akkreditert etter ISO 15189. Mikrobiologisk avdeling har tre diagnostiske seksjonar: Virologisk seksjon, Molekylærbiologisk seksjon og Bakteriologisk seiksjon. I tillegg har avdelinga eit prøvemottak, eit produksjonslaboratorium og ei stor legruppe.

Molekylærbiologisk seksjon utfører i hovudsak PCR-analysar på arvemateriale frå bakteriar, virus, parasittar og sopp. Seksjonen har ein stor og moderne instrumentpark som stadig vert utvida. Analysereprtaret er breitt, og det skjer mykje utviklingsarbeid ved seksjonen. Det er ca 20 medarbeidarar ved seksjonen, og mange tek del i vaktordninga på kveldar, i helgar og på helligdagar for å sikre at analyseresultata vert tilgjengelg for rekvirent raskast mogeleg.

Det skjer mykje nytt innan mikrobiologi og molekylærbiologiske metodar.

Vi leitar etter deg som er som er kompetent og motivert for å leie ein stor seksjon i utvikling og som vil bidra inn i leiarfellesskapet ved avdelinga. 

Arbeidsoppgåver

  • Leiaransvar for seksjonen
  • Ha ansvar for at seksjonen vert drive med god fagleg kvalitet i samsvar med avdelinga sitt behov
  • Utføre personaladministrative oppgåver
  • Utarbeid og følgje opp budsjett
  • Innkjøpsarbeid 

Kvalifikasjonar

  • Autorisert bioingeniør med relevant erfaring
  • Fordel med leiarerfaring og leiarutdanning
  • Fordel med mastergrad
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Leiareigenskapar
  • Sjølvstendig og løysingsorientert
  • Pådrivar
  • God evne til samarbeid og kommunikasjon,
  • Kunne arbeide i team 
  • Servicinnstilt 

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb
  • Varierte oppgåver
  • Lønn etter avtale
  • Triveleg miljø 

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Helsepersonell / Bioingeniør

Nøkkelord

Seksjonsleiar, Mikrobiologisk, avdeling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jorunn Nygård
Stillingstittel
Sjefsbioingeniør
Telefon
55 97 57 89
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 186929162
Sist endret 4. aug. 2020 15:06

Rapporter annonse