Utløpt

Seksjonsleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Frist
16.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Medisinsk-teknisk avdeling (MTA) leverer tenester innan medisinsk teknologi og informatikk til heile Helse Bergen. Avdelinga er inndelt i 7 seksjonar og har 75 tilsette. Vi forvaltar ein utstyrspark på om lag 40 000 einingar, verd over 2 milliardar kroner. Vi tar hand om utstyret gjennom heile prosessen frå anskaffing til avhending, og våre tilsette held ved lag ein høg kompetanse gjennom generell og utstyrsspesifikk opplæring. Medisinsk-teknisk avdeling arbeider for å trygge pasientar og brukarar gjennom gode rutinar for vedlikehald og tett samarbeid med klinikkane. Vi tar del i ulike aktivitetar innan forsking, utvikling og innovasjon. Avdelinga har òg ansvar for utstyr til heimebehandling av pasientar, og logistikken rundt dette. Medisinsk-teknisk avdeling er ein del av Drift/teknisk divisjon.

 

Vår seksjonsleiar ved Seksjon for elektromedisin skal gå av med pensjon, og vi søker derfor etter ein etterfølgjer. Seksjonen har forvaltningsansvaret for medisinsk utstyr innan mange fagområde inkludert lab-utstyr. Seksjonsleiaren rapporterer til avdelingssjef og inngår i leiargruppa ved avdelinga.

Arbeidsoppgåver

Personalansvar for 10 tilsette
Kvalitet- og fagansvar
Medverke til utvikling og strategi ved avdelinga
Totalansvar for drift i eigen seksjon
Utarbeide og følgje opp resultatkrav i eigen seksjon
Oppgåver delegert frå avdelingssjef

Kvalifikasjonar

Krav til utdanningsnivå:
- Høgskule / Universitet
Utdanningsretning:
- Ein bakgrunn innan realfag / teknologi, gjerne med tilleggsutdanning innan økonomi, leiing eller forvaltning.

Det er ein fordel med erfaring/kunnskap innan nokre av desse områda:
- Leiarerfaring med personalansvar. Vi vil leggje stor vekt på dette.
- Medisinsk teknologi
- Økonomi og forvaltning
- Bruk av ulike IKT-verktøy for administrasjon/prosjekt/økonomi.

Må kunne godt norsk og engelsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Ha evne til å bygge team og være samlande
Være mål- og resultatorientert
Ha stor gjennomføringsevne
Ha evne til å sjå korleis tenestene til avdelinga passer inn i sjukehuset
Være god til å kommunisere skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Fleksibel arbeidstid
Eit fagmiljø i front av den medisinsk-teknologiske utviklinga
Eit triveleg arbeidsmiljø i stadig utvikling
Tverrfagleg kontaktflate mot brukarmiljøa på sjukehuset
Fagleg og personleg utvikling

Løn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Teknisk service,
Ledelse

Nøkkelord

Medisinsk, teknologi, medisinteknikk, seksjonsleder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjell Grøndahl
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
55 97 48 61
Følg firma
1017 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 184020185
Sist endret 6. jul. 2020 10:18

Rapporter annonse