Utløpt

Er du vår nye klinikkdirektør ved Barne- og ungdomsklinkken

Arbeidsgiver
Haukeland universitetssjukehus?
Stillingstittel
Er du vår nye klinikkdirektør ved Barne- og ungdomsklinkken
Frist
11.03.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Barne- og ungdomsklinikken er landets nest største klinikk for barn og unge. Vi har både nasjonale og regionale oppgåver og dekkjer alle områda innan barnesjukdomar. Barne- og ungdomsklinikken har om lag 275 årsverk med eit budsjett på om lag 128 millionar kroner.

Vi søkjer etter ein klinikkdirektør som ønskjer å leie ein klinikk som skal bidra til kontinuerleg forbetring i pasientbehandling og pasientforløp. Du skal leie engasjerte og dyktige fagfolk og du evner å setje i verk tiltak i organisasjonen gjennom godt samarbeid og handlekraft.

Om tre år skal Barne- og ungdomsklinikken flytte frå Marie Joys' hus til dei nye Glasblokkene nord for Sentralblokka. Dei nye Glasblokkene skal samle all behandling av barn og unge på Haukeland, både innan psykiatri og somatikk, samt føde- og barseltilbodet ved Kvinneklinikken.

Eksperten skal kome til barnet - barn og ungdom skal få utgreiing, behandling, opphald, skule og aktivitetstilbod på same stad.

Pasientane våre skal oppleve tryggheit i møte med tverrfaglege team, uavhengig av fagfelt og klinikk. I dette ligg eit tilbod om heilskaplege og samanhangande teneste der vi i sjukehuset møter pasientar og pårørande med openheit, tydeleg kommunikasjon og rett kompetanse.

Dei neste tre åra, fram til innflytting i dei nye Glasblokkene, arbeider Barne- og ungdomsklinikken med pasientforløp, arbeidsprosessar og organisering av verksemda. Arbeidet gjennomførast i tett samarbeid med fleire einingar ved Haukeland universitetssjukehus.
Les meir om dette arbeidet her.

Du er ein leiar som ønskjer å vidareutvikle det fagleg innhaldet og korleis vi vil arbeide saman - både no og når klinikken flytter inn i dei nye Glasblokkene i 2022/23. Du har god fagleg innsikt og forstår balansen mellom god klinisk drift, forsking og utvikling.

Om Barne- og ungdomsklinikken
Vi har årleg om lag 4000 pasientar i alderen 0 til 18 år innlagt, og avdelinga har om lag 18.000-20.000 polikliniske pasientkonsultasjonar. Barn og unge med kroniske sjukdommar blir følgt opp ved poliklinikk på Barneklinikken til dei er 18 år. Vi har eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling av barnesjukdommar.
Les meir om Barne- og ungdomsklinikken på heimesidene våre.

Som direktør for Barne- og ungdomsklinikken vil du rapportere til administrerande direktør og vere ein del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus.

Arbeidsoppgåver

  • Skape effektive pasientløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
  • Gjennomføre strategi-, verdi- og haldningsarbeid
  • Sikre rett utvikling av behandling gjennom medisinsk prioritering. Være ein aktiv bidragsytar for å leggje til rette for pasientens helseteneste
  • Samhandle med andre einingar på sjukehuset, primærhelsetenesta samt universitet og høgskular
  • Sikre koordinering av den daglege drifta. Totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet
  • Bidra til at medarbeidarar er engasjerte med ønskje om kontinuerlig å forbetre eigen arbeidskvardag
  • Legge til rette for opplæring, utdanning og forsking
  • Medansvar for å bidra til at føretaket når sine mål

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg, medisinsk eller anna relevant høgare utdanning på masternivå
  • God og relevant leiarerfaring og/eller -utdanning
  • God kunnskap om spesialisthelsetenesta, våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar
  • Erfaring med mål- og strategiarbeid
  • Erfaring frå og kunnskap om endrings- og forbetringsprosessar
  • Erfaring frå resultatoppfølging
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid

Utdanning

  • Helsefag
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
  • Medisin
  • Profesjonsstudium
  • Sjukepleie

Eigenskapar

  • Handlekraftig, inspirerande og involverande
  • God kommunikasjons- og relasjonskompetanse
  • Overordna styrings- og gjennomføringsevne
  • Heilskapleg og samfunnsmessig forståing
  • God økonomi- og organisasjonsforståing
  • Strukturert og planmessig i arbeidet
  • Robust
  • Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla
  • Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit levande kompetansemiljø
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Lege / Overlege,
Sykepleier / Barn/nyfødt,
Ledelse,
Lege,
Lege / Barnesykdommer,
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tove Huse Bjerkevoll
Stillingstittel
Rådgivar innan leiarrekruttering
Telefon
48 07 38 34
Følg firma
2251 følger dette firmaet

Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 140918056
Sist endret 22. feb. 2019 10:24

Rapporter annonse