Utløpt

Seksjonssjef

Arbeidsgiver
UDI - Asylavdelingen
Stillingstittel
Seksjonssjef
Frist
02.12.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Utlendingsdirektoratet (UDI)
Migrasjonssvingningane påverkar verksemda i stor grad, og stiller høge krav til ein fleksibel og robust organisasjon og handtering av kontinuerlige endrings- og omstillingsprosessar. Direktoratet har i dag om lag 950 ansatte, der Asylavdelinga sine ansatte utgjer ca. 230 personar.

Asylavdelingen (ASA) har dei siste åra mottatt mellom 3 000 og 30 000 asylsøknadar per år. Vi opererer i eit dynamisk og spanande arbeidsfelt, som har stor politisk merksemd og som skapar mykje engasjement i samfunnet. Avdelinga behandlar i tillegg til asylsøknadar og uttak av kvoteflyktningar også søknadar om familiegjenforening med flyktningar, reisedokument, permanent opphaldsløyve og tilbakekall av opphald. Asylavdelingen har brei kontakt med andre aktørar i utlendingsforvaltninga, og deltar også i internasjonalt arbeid på asylfeltet. UDI skal bidra til at utlendingsforvaltninga er brukarorientert og at dei ulike instansane opptrer heilskapleg og konsekvent.

PUMA-prosjektet er eit fellesprosjektet mellom UDI og Politiets Utlendingsenhet (PU) som truleg vil påverka korleis vi organiserer asylprosessen i framtida. PUMA-prosjektet undersøker korleis den innleiande ankomstfasen for asylsøkarar bør bli innretta sett frå både myndigheiter og søkarane sitt perspektiv. Det kan bli aktuelt på sikt å flytte delar av ankomstarbeidet til ankomstsentret på Råde, og områdeleiaren må til tider være innstilt på å kunne jobbe her.

Asylavdelingen er for tida organisert i eit innleiande område A med ein eigen enhet/eining og områda B og C med sine for tida fire underliggande enheter/einingar. I tillegg har Asylavdelingen ein administrasjonsstab og ein fagstab. For tida har område C ansvar for behandling av dei fleste sakstypar og består av ca. 75 medarbeidarar fordelt på fire enhetsleiarar/einingsleiarar. Vi søker no etter ein ny leiar for område C.

Områdeleiar rapporterer til avdelingsdirektøren, og inngår i avdelingsleiargruppa. Stillinga er plassert mellom avdelingsdirektør- og underdirektørnivå. Det er forventa at områdeleiar bidrar inn både i utviklinga av leiargruppa, avdelinga, UDI og avdelinga sin måte å arbeida på.

Det er forventa at leiarar i UDI lev opp til organisasjonen sine leiarkrav. Dette vil innebere at leiarane oppnår resultat gjennom tydelege mål og prioriteringar, kontinuerleg forbetringsarbeid, heilskap i oppgåveløysing på tvers av organisatoriske skiller og ved å sjå medarbeidarane.

Arbeidsoppgåver

  • Resultatansvar, og ansvar for ressursstyring innan området, inklusiv bemanning og driftsmidlar
  • Trygg og sjølvstendig leiing av område C, irekna å leia, støtta og utvikla dei fire einingsleiarane som per i dag dekker området
  • Vere eit godt og effektivt bindeledd mellom avdelingsleiing, einingsleiarar og medarbeidarar i avdelinga
  • Sikre fagleg samordning i avdelinga, heilskapleg oppgåveløysing på tvers i UDI og med eksterne samarbeidspartnarar
  • Bidra til å vidareutvikla og profesjonalisera ASAs verksemd ytterlegare i eit langsiktig og strategisk perspektiv, både gjennom leiing av eige område, deltaking inn i avdelingsleiinga og samhandling på tvers
  • Legga til rette for effektive organisatoriske løysingar med fokus på kontinuerlig forbetring og brukarorientering
  • Ein må forventa at det blir noko mediehandtering

Kvalifikasjonar

  • Du har høgare utdanning på mastergradsnivå. Utdanning på bachelornivå i kombinasjon med solid og relevant leiarerfaring kan kompensera for dette kravet
  • Du er ein erfaren og dyktig leiar med gjennomslagskraft, som evner å byggja tillit på alle nivå
  • Du er dyktig til å kommunisera både internt og eksternt og har god formidlingsevne både på norsk og engelsk, skriftlig og munnleg
  • Du har god verksemds- og rolleforståing
  • Du er god på endring- og omstillingsarbeid, og har erfaring frå endringsprosessar
  • Du har god samfunnsinnsikt og forståing for politiske prosessar og offentleg forvaltning.
  • Det er ein fordel med kjennskap til utlendingsfeltet og Lean-metodikk
  • Vi vil vektlegge at du kan dokumentere resultat frå arbeidsområder som er relevante for stillinga.
  • Personen som blir tilsett må kunne bli klarert etter sikkerhetsloven nivå hemmelig.

Utdanning

  • Høgskule/universitet

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Du er ein trygg og empatisk leiar som er god til å få andre til å arbeide saman og å skape resultat
  • Du er god til å lytte, inspirere og utvikle andre
  • Du er analytisk og evner å tenkje langsiktig, samtidig som du kan ta gode og raske avgjersler når det er krav om dette
  • Du er god til leia strategiske og operative prosessar parallelt
  • Du har god heilskapsforståing, og er dyktig til å sikre heilskapleg oppgåveløysing på tvers
  • Du er nytenkjane og fleksibel og vil bidra til kontinuerlig forbetring av verksemda
  • Du er strukturert, har stor arbeidskapasitet og trives med høgt tempo
  • Det er ein fordel med god IKT-forståing og interesse for digitale verkty
  • Vi vil legge stor vekt på at du er personleg eigna til stillinga
  • Søkarar som er borgarar av land som ikkje er medlem av EØS, vil bli bedt om å samtykke til innsyn i eiga utlendingssak dersom dei blir innkalla til intervju.

Vi tilbyr

  • ein spanande leiarstilling med stor grad av fridom, i ein organisasjon med samfunnsaktuelle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • ei verksemd som er prega av høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar
  • stillinga er som seksjonssjef (stillingskode 1211) i lønnsspennet kr. 670 000 - 754 900 brutto per år, avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn bli vurdert. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens Pensjonskasse.
  • Utlendingsdirektoratet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar derfor alle kvalifiserte til å søka, uansett alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
  • I samsvar med offentleglova kan ditt namn bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Du vil i så fall bli varsla.

Om arbeidsgiveren

Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringa sin innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglege innspel til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovleg innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkjarar, og bidreg til retur av personar utan lovleg opphald. Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap er grunnleggjande verdiar i direktoratet. UDI ligg under Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå også www.udi.no

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Hausmannsgate 21, 0032 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hanne Merete Jendal
Stillingstittel
avdelingsdirektør
Telefon
40 70 58 40
Kontaktperson
Torun Mølstad
Stillingstittel
assisterande avdelingsdirektør
Telefon
93 85 92 07
Følg firma
2591 følger dette firmaet

Hausmannsgate 21, 0032 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 134137172
Sist endret 16. nov. 2018 15:41

Rapporter annonse