Utløpt

Er du interessert i korleis økonomiske overføringar og andre tiltak påverkar barnefamiliane og samfunnsutviklinga?

Arbeidsgiver
Barne- og likestillingsdepartementet
Stillingstittel
Avdelingsdirektør til Familie- og oppvekstavdelinga
Frist
23.10.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BARNE- OG FAMILIEDEPARTEMENTET

 

AVDELINGSDIREKTØR

Vi søkjer etter avdelingsdirektør til seksjon for familiepolitikk og overføringar til barnefamiliane. Seksjonen sitt arbeidsområde er utvikling og forvalting av foreldrepengar, kontantstøtte, eingongsstønad og barnetrygd (overføringsordningane), overordna styring av familievernet og fleire andre familiepolitiske spørsmål. Seksjonen har særlege oppgåver på tvers av avdelinga på områda budsjett, etatstyring og forsking. Ny avdelingsdirektør vil ha ansvar for å leie og utvikle arbeidet i seksjonen, vere personalleiar for 10 tilsette og vil inngå i leiargruppa i avdelinga. Det kan på sikt bli endringar i oppgåvene som er lagd til seksjonen.


Vi søkjer etter deg som:

  • Har utdanning på masternivå som er relevant for seksjonen sine ansvarsområde

  • Har leiarerfaring og har ein trygg, tydeleg og motiverande leiarstil

  • Er fleksibel, sjølvstendig og har gode samarbeidsevner

  • Har interesse for avdelinga sine arbeidsområde

  • Har god forståing for forholdet mellom politikk og forvalting

  • Har evne til strategisk og analytisk tenking og blikk for heilskapen i komplekse problemstillingar

  • Har evne til å uttrykkje deg godt skriftleg og munnleg på norsk og engelsk

  • Gjerne har erfaring frå arbeid med statsbudsjettet

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.


Vi tilbyr

  • Spennande og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver med gode høve til eigenutvikling

  • Høve til samarbeid med ulike faggreiner og samarbeidspartar

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer

  • Fleksibel arbeidstidsordning

  • God pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse

  • Løn etter Staten sitt regulativ frå 745 000 - 940 000 kroner brutto per år.

 

BLD ynskjer som arbeidsgjevar å spegle mangfaldet i samfunnet. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar uavhengig av bakgrunn, til å søkje jobb i departementet. Vi er ei IA-verksemd, og i dette ligg det mellom anna at vi vil sørgje for å leggje til rette arbeidsplassen dersom det er behov for det.

 

Vi gjer merksam på at søkjarar kan bli oppførte på offentleg søkjarliste sjølv om dei har bedt om konfidensiell behandling. Søkjarar vil i så fall bli varsla før offentleggjering.

 

Har du spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med ekspedisjonssjef Emma C. Jensen Stenseth telefon 22 24 25 40 eller 481 12206.

 

 

Om arbeidsgiveren

Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) har ansvar for politikkutforminga på område som barnevern, oppveksten og levekåra til barn og unge, familie og samliv, likestilling, ikkje-diskriminering og forbrukarpolitikk. Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) har omkring 160 tilsette, og er lokalisert sentralt i Oslo. For meir informasjon sjå www.regjeringen.no


Familie- og oppvekstavdelinga arbeider med politikkutvikling og forvalting på familie- og oppvekstområdet. Ansvaret til avdelinga er på områda barne- ungdoms- og familiepolitikk. Mellom anna arbeider avdelinga med barne- og familierett, spørsmål om sosiale skilnader og vald mot barn og unge, forvalting av tilskotsordningar og dei sentrale overføringane til barnefamiliane (no om lag 38 mrd. kroner). Avdelinga har tre seksjonar: seksjon for barne- og familierett, seksjon for oppvekst og førebygging og seksjon for familiepolitikk og overføringar til barnefamiliane.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Akersgt. 59, 0030 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Følg firma
768 følger dette firmaet

Akersgt. 59, 0030 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 131219030
Sist endret 9. okt. 2018 16:34

Rapporter annonse