Klinikkdirektør Bjørgvin DPS
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen - Divisjon psykisk helsevern
- Stillingstittel
- Klinikkdirektør Bjørgvin DPS
- Frist
- 09.09.2018
- Ansettelsesform
- Fast
Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering av pasientar med ulike psykiske lidingar. Vi har oppsøkjande team, poliklinikkar, dag- og døgnplassar. I tillegg utdannar vi helsepersonell og gir opplæring til pasientar og pårørande.
Vi ønsker å fremme psykisk helse under mottoet å gjere kvardagen lettare.
I dette ligg det eit ønskj om å gi god behandling, hjelp til å takle symptom, vere tilgjengeleg og fleksibel for menneske med psykiske lidingar.
Bjørgvin DPS er lokalisert på Tertnes i Åsane og på Knarvik i Nordhordland. På Tertnes ligg administrasjon, poliklinikkar, dag- og ambulante tenester for Arna, Åsane og Osterøy, samt sengepostar for heile opptaksområdet. I Knarvik har vi poliklinikk, gruppebehandling og ambulante tenester for Nordhordland. Det er 150 årsverk ved Bjørgvin DPS og eit budsjett på 141 millionar kroner for 2018.
I tett samarbeid med kommunehelsetenesta og fastlegar er Bjørgvin DPS ein viktig ressurs i utviklinga av framtidsretta og gode tenester til befolkninga i inntaksområdet.
Vi forventar at den nye klinikkdirektøren bidreg til å vidareutvikle tilboda til pasientane våre.
Vi forventar og at klinikkdirektøren ivaretek rolla som kulturbyggjar i Bjørgvin DPS og vil sørge for å bidra til at vi fungerer som eit positivt og samansveisa fagleg fellesskap.
Vi ønsker oss ein klinikkdirektør med solide kunnskapar om psykisk helsevern samt vilje til å prioritere satsinga på det pasientnære, kliniske arbeidet. Som klinikkdirektør vil du rapportere til divisjonsdirektør og inngå i divisjonsleiinga i Divisjon psykisk helsevern.
Arbeidsoppgåver
- Sørge for at klinikken skapar effektive pasientløp gjennom god planlegging, logistikk og samhandling internt og eksternt
- Gjennomføre strategi-, verdi- og haldningsarbeid
- Sikre utvikling av god pasienttilfredsheit og rett medisinsk prioritering
- Sikre hensiktsmessig samhandling med primærhelsetenesta i opptaksområdet, dei andre einingane i divisjonen, universitet og høgskular
- Sikre optimal koordinering av den daglege drifta
- Ha totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet
- Stimulere til opplæring, utdanning og forsking
Kvalifikasjonar
- Høgare helsefagleg utdanning
- Solid kunnskap om psykisk helsevern og relevant leiarerfaring
- Erfaring frå endring- og forbetringsprosessar
- Kunnskap og erfaring med kompetanseutvikling, forsking- og strategiarbeid
- Erfaring frå samarbeid med kommune, universitet og andre samarbeidsarenaer
Utdanning
- Helsefag
- Høgare helsefagleg utdanning
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
- Medisin
- Psykologi
- Sjukepleie
- Vernepleie
- Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad
Eigenskapar
- Evne til å sjå og tenke heilskap
- Evne til å kombinere god leiing med høgt faglig fokus
- God gjennomføringsevne
- Kommuniserer godt med ulike grupper
- Vektlegg tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
- Trivst med å motivere og samle dei tilsette om felles mål
- God økonomi- og organisasjonsforståing
- Strukturert og planmessig i arbeidet
- Inkluderande og samhandlande leiarstil
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit levande kompetansemiljø
- Lønn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sektor
- Offentlig
- Lederkategori
- Direktør
- Sted
- Tertnesveien 37, 5113 Tertnes
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier / Psykiatri,
- Lege / Psykiater,
- Sykepleier,
- Ledelse,
- Helsepersonell,
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
- Helsepersonell / Psykolog
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Tove Huse Bjerkevoll
- Stillingstittel
- Rådgivar innan leiarrekruttering
- Telefon
- 48 07 38 34
- Kontaktperson
- Elisabeth Vikøren
- Stillingstittel
- Rådgivar HR Divisjon psykisk helsevern
- Telefon
- 48 09 16 86
Følg firma
2257 følger dette firmaet
Tertnesveien 37, 5113 Tertnes