Utløpt

Avdelingssjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Voss sjukehus, Somatisk poliklinikk
Stillingstittel
Avdelingssjukepleiar
Frist
03.04.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Voss sjukehus er organisatorisk ein avdeling i Helse Bergen, men er samstundes eit lokalsjukehus med akuttfunksjon for nærområdet, med funksjonar innan kirurgi, ortopedi, medisin, føde og barsel. Sjukehuset har nær 400 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innan spesialisthelsetenesta.

AVDELINGSSJUKEPLEIAR SOMATISK POLIKLINIKK:
Somatisk poliklinikk omfattar kirurgiske og medisinske fag, mellom anna lunge, hjarte, gastro- og generell kirurgi, ortopedi, og ein veksande aktivitet innan endoskopi. Avdelinga er arbeidsplassen for dei ulike legespesialistane på huset, ein god stab av dyktig pleiepersonell, spesialreinhaldar og sekretærar.

Utviklinga innan poliklinikk og dagbehandling er generelt i sterk vekst, og stiller krav til kontinuerleg oppdatering og fagleg kompetanse. Vi søkjer difor etter den rette personen til å utvikle og leie avdelinga, sy saman den daglege drifta for alt personell, og sikre dei gode tilhøva for pasientar og tilsette. Stillinga er ledig frå snarast og tilsetjing etter nærare avtale.

Litt om Voss:
Voss er ei kulturbygd med 14000 innbyggjarar omkransa av naturskjønne omgivnader. Her er det mogelegheit for mange ulike aktivitetar året rundt. Ein kan nemna turar i fjellet, rafting, paragliding, rideturar, Vossajazz, Osafestivalen og Ekstremsportveko, samt fleire store skianlegg på vinterstid. Bygda har eit godt utbygd skule- og barnehagetilbod. Voss har god kommunikasjon til Bergen/Flesland (ein god time) og austover til Oslo då både Bergensbanen og stamvegen Oslo-Bergen går gjennom Voss.

Arbeidsoppgåver

  • Budsjett og resultatansvar
  • Samordne drifta av medisinsk og kirurgisk poliklinikk
  • Tverrfagleg samarbeid med legar og andre faggrupper som er involvert i pasientbehandlinga.
  • Sørgje for framtidsretta kompetanse hjå personalet
  • Planleggje, organisere og styre dei samla ressursane til det beste for pasientane.
  • Framtidsretta samarbeid med Akuttmottak / Legevakt
  • Personalansvar

Kvalifikasjonar

  • Brei erfaring som sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan leiing eller administrasjon er ynskjeleg
  • Norsk autorisasjon

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Sjukepleie

Eigenskapar

  • Trygg på eigne ferdigheiter fagleg og personleg
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å delegere, involvere og motivere andre
  • Klar på avdelinga sine mål ovanfor medarbeidarane
  • Planleggje og gjennomføre aktivitet
  • God organisasjonsforståing
  • Resultatorientert
  • Evne til å sjå og tenkje heilskap
  • Godt humør og evne til å sjå muligheiter i staden for problemer, er også høgt verdsett!

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Løn etter tariff som leiar nivå 4 i Helse Bergen
  • Ein spennande og utfordrande arbeidsstad
  • Opplæring i Helse Bergen sitt modulbaserte utdanningsopplegg for leiarar
  • God fagleg i leiargruppa

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Borghild Strønen
Stillingstittel
Leiar
Telefon
56 53 38 64
Følg firma
2249 følger dette firmaet

Sjukehusvegen 16, 5704 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 115874513
Sist endret 13. mar. 2018 14:43

Rapporter annonse