Lom kommune søker Controller og Økonomimedarbeider – to spennende stillinger
- Søknadsfrist 24.8.2025
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
- Antall stillinger 2 stillinger
Lom Kommune ser etter deg som vil vere med å forme ein moderne, framtidsretta kommuneøkonomi
Lom Kommune står midt i ei spanande tid med omstilling og digital transformasjon, og vi ser etter deg som vil vere med å forme ein moderne, framtidsretta kommuneøkonomi – med både strategisk oversyn og detaljfokus.
Dette er meir enn tal og tabellar. Dette handlar om retning. Om å finne innsikta som gjer tenestene betre for folk – og prosessane smartere for organisasjonen.
Kvifor jobbe i økonomiavdelinga i Lom kommune?
Hos oss får du:
Strategisk viktige og varierte arbeidsoppgåver
Ein sentral plass i eit av dei viktigaste utviklingsløpa i kommunen
Moglegheit til å påverke og utvikle digitale løysingar og prosessar
Eit team som kombinerer høg faglegheit med eit uformelt og godt arbeidsmiljø
Konkurransedyktig løn og svært gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilrettelegging for heimekontor og fleksibel kvardag
Kven ser vi etter?
Du har solid økonomifagleg bakgrunn – frå utdanning og/eller relevant erfaring – og brenn for forbetring og utvikling. Du er strukturert, analytisk og evner å sjå både det store biletet og dei små detaljane som gjer forskjellen. Du trivst i samarbeid, men tek også ansvar og eigne initiativ.
Dine moglegheiter – to ulike rollar:
Controller
Analyse og strategisk rådgjeving
Økonomiplan, budsjett, prognose og rapportering
Tverrfagleg forbetringsarbeid og nøkkeltalsanalyse
Samarbeid tett med økonomisjef og leiarar
Vikariere for økonomisjef ved behov
Økonomimedarbeidar
Relevant utdanning innan økonomi, rekneskap eller revisjon (relevant erfaring kan kompensere).
Erfaring med rekneskapsarbeid, gjerne frå offentleg sektor.
Gode IT-kunnskapar og erfaring med økonomisystem; gjerne Visma Enterprise.
Kjennskap til kommunelova og rekneskapslova, er ein fordel
God formidlingsevne, både munnleg og skriftleg.
Lom tilbyr en sjelden kombinasjon av spektakulær natur, kulturell rikdom, meningsfylte arbeidsoppgaver og et inkluderende, framtidsrettet lokalsamfunn – perfekt for deg som vil gi noe tilbake og samtidig leve godt.
Ferdigheter AI-generert
- Analysere data
- Budsjettarbeid
- Budsjettarbeid
- Digitale ferdigheter
- Digitalisering
- Endringsprosjekter
- Rapportering
- Sammenligning av nøkkeldata
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Antall stillinger: 2
- Sted: Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom
- Bransje: Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Controller
Nøkkelord
Controller, Økonomimedarbeider, Regnskapsmedarbeider
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 416784533
- Sist endret:
- Org.nr.: 912202186Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)