FINNJobbSøkVestlandSogndal
Sogndal kommune Bygg og eigedom
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke
Fristen er utløpt

Prosjektutviklar

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Sogndal
  • Søknadsfrist 31.08.2025
  • Mulighet for hjemmekontor Delvis hjemmekontor
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Utvikling og gjennomføring av investeringsprosjekt, behovskartlegging, konseptutvikling og prosjektledelse i Sogndal kommune.

Kvalifikasjoner

  • Relevant utdanning og/eller erfaring fra prosjektarbeid
  • Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheter
  • Evne til å jobbe selvstendig og i team

Hva vi tilbyr

  • Tverrfaglig arbeidsmiljø innen eiendom, bygg og infrastruktur
  • Mulighet til å påvirke samfunnsutviklingen i Sogndal
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Prosjektutviklar

Vil du vere med å utvikle framtida i Sogndal i lag med andre? 

Sogndal kommune søkjer etter ein prosjektutviklar som vil vere med og forme samfunnsutviklinga gjennom små og store prosjekt med betydning for folk sine liv. 

Sogndal er ein kommune i vekst, med eit aktivt lokalsamfunn, høg kompetanse og tydelege ambisjonar for framtida. Me har over 1300 dyktige medarbeidarar som kvar dag jobbar for å sikre gode, trygge og aktive liv for innbyggjarane våre. Sogndal, som alle andre kommunar, står samstundes i ein stor omstilling, der me må finne nye måtar å løyse samfunnsoppdraget på og me treng deg som vil vere med og drive dette arbeidet framover. 

Kven ser me etter? 

Du har evne til å ta initiativ, drive fram prosjekt og mobilisere folk rundt deg. Du trivst i samarbeid, men har òg gjennomføringsevne og ståpåvilje. Du forstår samanhengen mellom ide, plan og gjennomføring, og likar å arbeide både strategisk og operativt frå dei første skissene til ferdig resultat ute i felt. 

Du bryr deg om samfunnsoppdraget i kommunen, og har eit ekte engasjement for det som er bra for folk både no og i framtida. Du lærer raskt, og trivst med å utvikle og justere retning undervegs når det er naudsynt. Du er komfortabel med kompleksitet, og står stødig når ikkje alt er ferdigtenkt. 

 

Døme på arbeidsoppgåver: 

  • utvikling og gjennomføring av investeringsprosjekt i lag med andre tenester og aktørar i og utanfor kommunen 

  • behovskartlegging, konseptutvikling og idéfasearbeid 

  • prosjektleiing i gjennomføringsfasar 

  • samspel med brukarar, tenester og eksterne partnarar 

  • dokumentasjon og rapportering 

  • arbeid med forbetring og utvikling av arbeidsprosessar 

 

Kva forventar me av deg? 

  • Du tek initiativ og jobbar målretta for å skape resultat 

  • Du har heilskapsforståing og evne til å sjå både detaljar og samanhengar 

  • Du er lærevillig og fleksibel og nysgjerrig på kva som verkar 

  • Du har relevant utdanning og/eller erfaring frå prosjektarbeid 

  • Du har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter 

  • Du jobbar godt både sjølvstendig og i team 

 

Kven er me? 

Du blir ein del av eit tverrfagleg prosjektutviklingsteam som jobbar med utvikling av eigedom, bygg, VA, veg og park, samt anna infrastruktur og tenesteløysingar tett på både innbyggjarar, politikarar og kollegaer i heile organisasjonen. Me jobbar saman for å skape gode løysingar og fremje ein berekraftig utvikling av Sogndalssamfunnet. 

Nyfiken på kva Sogn har å by på? Sjekk ut Sogn.no! 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller bakgrunn. Me legg til rette for tilpassingar ved behov. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar skjer med ei prøvetid på 6 månader. 

Ferdigheter AI-generert

  • Dokumentasjon
  • Eiendomsutvikling
  • Gjennomføring av utviklingsprosjekter
  • Rapportering

Om arbeidsgiveren

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

  • Sted: Riverdalen 5, 6856 Sogndal
  • Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
  • Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Prosjektledelse

Nøkkelord

prosjektutvikler, samfunnsutvikling

Spørsmål om stillingen

JS

Joakim Systaddal

45 87 38 33Kopier telefonnummer 45 87 38 33

Firmaets beliggenhet

Riverdalen 5, 6856 Sogndal

Kart
Søknadsfrist: 31.8.2025

90 følger dette firmaet

Nyttige lenker

HjemmesideBli kjent med SOGNDAL KOMMUNE

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 415320923
  • Sist endret: 3.7.2025, 11:25
  • Org.nr.: 922121893Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse