FINNJobbSøkVestlandUllensvang
FJORDVEGEN RIKSVEG 13
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke
Fristen er utløpt

Dagleg leiar

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Kinsarvik
  • Søknadsfrist 28.08.2025
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Dagleg leiar (70 %) og seniorrådgjevar (30 %) med ansvar for politisk påverknad, nettverksbygging og drift av medlemsforeininga.

Kvalifikasjoner

  • Bachelorgrad eller tilsvarande utdanning (kan erstattast med erfaring)
  • Erfaring med prosjektleiing og -administrasjon
  • Innsikt i politiske og administrative prosessar
  • Gode digitale og kommunikasjonsferdigheiter
  • Kunnskap om økonomistyring og administrasjon

Hva vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Moglegheit for heimekontor
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Vi søkjer Dagleg leiar!

Dagleg leiar Fjordvegen Riksveg 13

Fjordvegen Riksveg 13 søkjer ein engasjert og målretta dagleg leiar i 70% stilling, supplert med 30% stilling som seniorrådgjevar i eit av dei tre regionråda Ryfylket iks, Hardangerrådet iks eller Sognarådet IPR.
Søkjar kan fritt velje eit av tre regionråd som kontor og arbeidsstad.

Om Fjordvegen Riksveg 13 og regionråda
Fjordvegen Riksveg 13 er ei medlemsforening beståande av Rogaland og Vestland fylkeskommune, 11 kommunar/herad, 3 regionråd, verksemder og organisasjonar langs riksveg 13. Arbeidet er retta mot to hovudmål:
1. Oppgradering og vedlikehald av riksvegen for å sikre ein trygg og standardisert veg gjennom heile strekninga.
2. Marknadsføring av vegen som ei effektiv og vakker transportåre, samt som den indre stamvegen mellom Stavanger og Sogndal.

Ryfylke IKS jobbar for å skape fleire arbeidsplassar, møte kompetansebehov og drive næringsutvikling i regionen, slik at Ryfylke blir ein attraktiv region der folk ønskjer å bu og arbeide.
Hardangerrådet iks skal styrkja regionen gjennom større grad av forpliktande samarbeid mellom likeverdige partar, og skal vera eit supplement og ei støtte til kommunane si eiga verksemd.
Sognarådet har som mål å styrke regionen Sogn som ein attraktiv stad å bu, arbeide og besøke. Gjennom samarbeid om rekruttering, infrastruktur, omstilling og felles profilering, skal Sognarådet bidra til berekraftig utvikling og det gode liv for innbyggjarane og besøkjande.

Om stillinga
Vi ser etter ein leiar med relevant utdanning og erfaring, som i tett samarbeid med styret vil arbeide for utviklinga av riksveg 13, som strekkjer seg frå Stavanger til Sogndal.

Stillingsprosenten er fordelt slik:

  • 70 % dagleg leiar i Fjordvegen Riksveg 13
  • 30 % seniorrådgjevar i eit av dei tre regionråda Ryfylket iks i Hjelmeland, Hardangerrådet iks i Kinsarvik eller Sognarådet IPR i Sogndal

Vi søkjer deg som har erfaring og kompetanse innan politisk og offentleg påverknad, leiing og prosjektadministrasjon. Det er ein fordel om du har kunnskap om statlege, fylkeskommunale og kommunale prosessar innan veg og samferdsel.
Dagleg leiar rapporterer til styret i Fjordvegen Riksveg 13.
Stillings som seniorrådgjevar rapporterer til dagleg leiar i regionrådet.

Arbeidsoppgåver

  • Relasjons- og nettverksbygging innan samferdselssektoren
  • Offensiv bruk av sosiale medium
  • Utforming av høyringsuttalar
  • Utarbeiding og iverksetjing av handlingsplanar
  • Budsjett- og resultatansvar
  • Sakshandsaming for styre og årsmøte
  • Medlemspleie og rekruttering av nye medlemmar
  • Det må påreknast ein del reiseverksemd
Kvalifikasjonar
Vi ser etter ein person med følgjande kvalifikasjonar:
  • Bachelorgrad eller tilsvarande utdanning, men formell utdanning kan erstattast med erfaring
  • Erfaring med prosjektleiing og -administrasjon
  • Innsikt i politiske og administrative prosessar
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, skriftleg og munnleg
  • Erfaring med sakshandsaming
  • Kunnskap om økonomistyring og administrasjon
  • Evne til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig, men også i samarbeid med andre
Vi tilbyr
  • Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert moglegheit for heimekontor
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
Er du den rette for denne spanande og varierte stillinga?

Send oss din søknad med CV senast 28 augst.
Ikkje utsett å melde din interesse til tross for sommarferien.
Vi leser og vurderer fortløpande.

For meir informasjon, kontakt:
Rådgivar & Partner Per Jorem, 40 02 15 60 / per.jorem@capus.no
Styreleiar Marta Sofie Vange, 957 21 392 / martasvange@gmail.com
Dagleg leiar Ann Irene Myrhem, 90 99 19 56 / ann.myrheim@hardangerraadet.no

Ferdigheter AI-generert

  • Administrasjonsarbeid
  • Administrativ prosessstyring
  • Digitale ferdigheter
  • Økonomiske og administrative fag (AMO)
  • Økonomistyring
  • Prosjekteringsledelse
  • Social Media

  • Sted: Kjobergbygget, 5782 Kinsarvik
  • Bransje: Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Ledelse, Rådgivning

Nøkkelord

Relasjonsbygger, Nettverksbygger, Sosiale medier, Handlingsplan, Budsjettansvar

Spørsmål om stillingen

PJ

Per Jorem

Partner og Rekrutteringsrådgiver

40 02 15 60Kopier telefonnummer 40 02 15 60
MS

Marta Sofie Vange

Styreleiar

95 72 13 92Kopier telefonnummer 95 72 13 92

Firmaets beliggenhet

Kjobergbygget, 5782 Kinsarvik

Kart
Søknadsfrist: 28.8.2025

83 følger dette firmaet

Nyttige lenker

HjemmesideBli kjent med CAPUS BERGEN AS

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 415016516
  • Sist endret: 18.8.2025, 18:22
  • Org.nr.: 918672710Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse