Fagingeniør tapping, Immunologi og transfusjonsmedisin
- Søknadsfrist 01.06.2025
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
Fagingeniør – vil du bli ein del av blodbanken vår?
Då håper vi du les vidare – og kanskje ser for deg ein kvardag hos oss i blodbanken ved Haugesund sjukehus.
Vi i blodbanken ved Haugesund sjukehus ser no etter ein engasjert fagbioingeniør som vil vere med oss på laget. Hos oss får du ein jobb der du er med på å sikre livsviktig behandling – kvar einaste dag.
Du får jobbe saman med 20 flinke og trivelege tilsette som jobbar tett saman med noko av det mest livsviktige som finst. Arbeidsdagen er variert og lærerik, med rotasjon mellom ulike arbeidsstasjonar – frå tapping og komponentframstilling til analyse og blodutlevering.
Hos oss trivst vi godt i lag, og er stolte av det vi får til saman. Det er det rom for å stille spørsmål, vere nysgjerrig og bidra – og vi heiar på kvarandre når det skjer mykje på ein gong.
Litt om turnus og fleksibilitet
Stillinga er i turnus, men vi er opne for å tilpasse arbeidstida. Kanskje passar det best med langvakter og meir fritid mellom øktene? Oppgi gjerne i søknaden kva som fungerer for deg – så ser vi på løysingar saman.
Vi er akkreditert av Norsk Akkreditering og jobbar i tråd med kvalitetsstandarden NS-EN ISO 15789. Med moderne laboratoriedatasystem som ProSang og Unilab 700 har vi gode verktøy for å sikre arbeid av høg kvalitet – kvar dag.
👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi du sender inn ein søknad – eller tek kontakt med Anita for ein uforpliktande prat. Vi fortel deg gjerne meir om kvardagen vår i blodbanken!
Kva går jobben ut på?
Arbeidsoppgåvene dine vil blant anna vere:
- Blodtypeserologisk analysearbeid
- Tapping av blodgivarar
- Ansvar for tappelokalisasjonen Sauda
- Komponentframstilling og blodutlevering
- Blodprøvetaking og andre oppgåver ved behov
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som bioingeniør.
- Erfaring frå transfusjonsmedisin er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Du må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er nøyaktig og ansvarsbevisst
- har høg arbeidsmoral og trivst med å jobbe i team
- har gode samarbeidsevner og likar ein aktiv kvardag
Personlig egnethet vektlegges
Kvifor skal du velje oss?
- Varierte arbeidsoppgåver og høve til fagleg utvikling.
- Triveleg arbeidsmiljø med tett samspel.
- Mulighet til å påverke arbeidstida.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Ferdigheter AI-generert
- Bioingeniørfaglig kompetanse
- Norsk
- Ta blodprøver
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
Nøkkelord
bioingeniør, fagingeniør, blodbank, helsepersonell, sykehus
Firmaets beliggenhet
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 407820120
- Sist endret:
- Org.nr.: 983974694Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)