FINNJobbSøkVestlandSogndal
Sognenett logo
Sognenett
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke
Fristen er utløpt

Kundekonsulent med IT-glød

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Sogndal
  • Søknadsfrist 25.5.2025
  • Sektor Privat

Er du vår nye kundekonsulent?

Stad: Sogndal

Stilling: Fast, 100 %

Søknadsfrist: aktuelle kandidater blir kontakta fortløpande, frist 25.05.2025.


Først – dette får du hjå oss

Ein jobb som gir meining. Eit miljø der du kan vere deg sjølv. Ein arbeidskvardag med variasjon, tempo og mykje latter.

Du blir ein del av eit lokalt teknologieventyr i vekst, der du får påverke både kundar og framtida vår. Me jobbar saman, hjelper kvarandre, og heiar på gode idear – også dei litt sprø.

Her får du:

  • Eit sterkt og varmt fellesskap, med plass til både bokormar, skibomsar, småbarnsforeldre og alle salgs folk, eigentleg.
  • Ein jobb med utviklingsmoglegheiter – du lærer noko nytt kvar veke.
  • Gode vilkår og pensjons-/forsikringsavtalar.
  • Kontor midt mellom fjord og fjell – ja, det er faktisk like fint som det høyrest ut.


Om jobben

Som kundekonsulent hjå oss blir du ein del av kundesenteret for både Sognenett og Sognenett IT. Det betyr at du får vere med å hjelpe kundar med alt frå stabilt nett og strøymetenester – til løysingar og support innan IT.

Du blir den som får kundane til å smile og teknologien til å fungere.

Du lyttar, forklarar, finn løysingar og bidreg til å skape wow-opplevingar i alle kanalane me brukar: telefon, e-post, chat – og av og til ute hjå kundane. Du blir den som gjer kvardagen enklare og kjekkare for kundane våre, anten det handlar om internett, TV, eller IT-løysingar.


I tillegg vil du:

  • Jobbe aktivt med rådgjeving, særleg innan internett, TV, IT og bedriftsløysingar
  • Oppsøke og utvikle nye kunderelasjonar
  • Følgje opp tilbod og vere ein del av heile salsprosessen
  • Bidra til utvikling av Sognenett og Sognenett IT


Kven er du?

Du treng ikkje kunne alt frå før. Det viktigaste er at du:

  • Er glad i folk, og får energi av å hjelpe andre
  • Har nysgjerrigheit for teknologi og IT-løysingar
  • Tenkjer løysing, ikkje problem
  • Er trygg i ein hektisk kvardag – og trivst med å ha fleire ballar i lufta
  • Har førarkort (klasse B) – det hender me tek turen ut til kundane


Har du erfaring frå kundesenter, IT, sal eller liknande? Supert! Har du ikkje det, men kjenner du passar inn? Me høyrer gjerne frå deg uansett.


Høyrest det ut som noko for deg?

Send oss ein søknad der du fortel litt om kven du er og kvifor du har lyst å bli med på laget vårt. Legg gjerne ved CV og vitnemål, men det viktigaste er at me får eit godt inntrykk av deg som person.


Søknadsfrist: 25.05.2025


Sognenett leverer internett, TV og IT-tenester til heile Sogn – og er stadig på jakt etter nye måtar å gjere kvardagen enklare og betre for kundane våre. Med 20 tilsette og solid lokal forankring har me store ambisjonar og endå større hjarte. Mantraet vårt?

Meir fart. Meir moro.

Ferdigheter
AI-generert

  • IT løsninger
  • Kunnskap om teknologi
  • Salgsprosess

  • Sted: Dalavegen 25, 6856 Sogndal
  • Bransje: Internettbaserte tjenester, IT, Konsulent og rådgivning
  • Stillingsfunksjon: IT-support, Kundeservice, Rådgivning

Nøkkelord

IT-support, IT, Kundeservice

Spørsmål om stillingen

ML

Madeleine Larsen Barmen

Kundeansvarleg

45 23 48 44Kopier telefonnummer 45 23 48 44

Firmaets beliggenhet

Dalavegen 25, 6856 Sogndal

Kart
Søknadsfrist: 25.5.2025

8 følger dette firmaet

Nyttige lenker

HjemmesideBli kjent med SOGNENETT AS

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 406992246
  • Sist endret: 15.5.2025, 07:36
  • Org.nr.: 991955690Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse