FINNJobbSøkVestlandBergen
Helse Vest IKT
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke
Fristen er utløpt

Nettverksingeniør SDDC

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Bergen
  • Søknadsfrist 25.5.2025
  • Mulighet for hjemmekontor Delvis hjemmekontor
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig

Nettverksingeniør SDDC

Helse Vest IKT leverer IT-tenester til alle sjukehus i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit.

Teamet arbeidar med VMware og NSX, og automatisering av desse plattformene som en del av området Privat Sky. Området har ansvar for alt av on-prem-løsninger og består av flere tverrfaglege plattform-team. Stilinga vil være ein del av nettverksmiljøet i Helse Vest IKT.

Hos oss får du bryne deg på spennande teknologiar i eit komplekst miljø som bidrar til å løyse samfunnsnyttige formål. Vi ser etter deg som interessert i moderne løysningar on-premise og som samarbeider på tvers av fagdisipliner for å levere gode resultat. Mykje av arbeidet skjer på digitale flater som Teams, men også i moderne kontorlokale på vestlandet.

Arbeidsstad er i Bergen eller i Førde.


Arbeidsoppgåver

  • Drifte og vidareutvikle NSX.
  • Automatisere løysingar knytt til SDDC (Software-defined Datacenter).
  • Scripting og automasjon.
  • Dagleg drift av VMware-plattforma.
  • Kontinuerleg forbetring av sikkerheit i Helse Vest.
  • Kunnskapsdeling (GitOps)
  • Endringshandtering, oppgradering og vedlikehald (ITIL).
  • Andre forefallande oppgåver innan fagområdet.

Kvalifikasjonar

  • IT- eller teknisk utdanning på universitets-, høgskule- eller fagskule-nivå.
  • God erfaring innan drift av nettverk og IT-infrastruktur.
  • Erfaring med og kunnskap om drift av VMwares datasenterprodukt, vCloud Foundation (ESXi, vSAN, NSX)
  • Kunnskap om nettverk i datahallar.
  • Kunnskap om brannmur.
  • Fordel med erfaring frå drift i større miljø.
  • Relevante sertifiseringar tel positivt.
  • Erfaring med scripting (Python, Perl, e.l.) er ein fordel.
  • Kjennskap til ITIL.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Søkjaren må kunne tilgangsklarerast jf. Verksemdsføreskrifta §69. https://lovdata.no/forskrift/2018-12-20-2053/§69

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv, nysgjerrig, engasjert og sjølvstendig.
  • Du er interessert i ny teknologi og korleis Helse Vest IKT kan dra nytte av denne.
  • Ikkje redd for å utveksle eigne idear og villig til å sjå på alternative måter å produsere tenestene våre.
  • Du har fokus på gode løysingar.
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og er flink til å dele kompetanse.
  • Du evner å jobbe i tverrfaglege team.
  • Du er strukturert, systematisk og har fokus på kvalitet.
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:

  • Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Automatisering
  • IKT-infrastruktur
  • IT - Nettverksadministrasjon
  • IT Infrastructure Library (ITIL)
  • VMware
  • VMware ESX
  • VMware NSX

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.


Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.


Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.


Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
  • Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
  • Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
  • Bransje: Helse og omsorg, IT, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-sikkerhet

Nøkkelord

nettverk, sikkerhet, brannmur, nsx

Spørsmål om stillingen

AE

Andreas Espelid

Seksjonsleiar

41 47 65 52Kopier telefonnummer 41 47 65 52

Firmaets beliggenhet

Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen

Kart
Søknadsfrist: 25.5.2025

1005 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 406850746
  • Sist endret: 20.6.2025, 00:04
  • Org.nr.: 987601787Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse