FINNJobbSøkVestlandKvam
Stiftinga Hardanger og Voss museum avd. Hardanger Fartøyvernsenter logo
Stiftinga Hardanger og Voss museum avd. Hardanger Fartøyvernsenter
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke
Fristen er utløpt

Trebåtbygger

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Norheimsund
  • Søknadsfrist 31.5.2025
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Privat

Ledig fast 100% stilling som trebåtbygger

Arbeidsoppgåver:  

  • Skipstømring, innreiing m.m. i samband med istandsetjing av verna, freda tre- og stålfartøy.  

  • Instruksjon av lærlingar. 

Vi ser etter kandidaten som har:  

  • Fagbrev som trebåtbyggjar. 

  • Teknisk forståing for korleis eit fartøy er bygd. 

  • Kunnskap om historiske fartøy og maritim kulturhistorie. 

  • Gode norsk kunnskapar. 

Annan relevant bakgrunn (t.d. tømrar, møbelsnikkar) kan vera aktuell kvalifikasjon.  

Stillinga inneber noko reiseverksemd, då me har oppdrag i heile landet. 

Personlege eigenskaper:  

Du er ryddig, engasjert og omgjengeleg og meistrar å arbeide effektivt. Du er lagspelar som er oppteken av positivt arbeidsmiljø og HMT. Du set høge krav til kvalitet, og har interesse og erfaring med antikvarisk istandsetting,  

Vi tilbyr:  

  • Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.  

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. 

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling  

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar  

Hardanger og Voss museum er opptekne av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.  

Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar for fartøyvern  

Søknad sendast til personal@hvm.museum.no innan 31.mai 2025  

Ferdigheter

  • Kjennskap til møbler og snekkerarbeid

Om arbeidsgiveren

Hardanger fartøyvernsenter (HFS) er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter utpeika av Riksantikvaren, og ei avdeling i Hardanger og Voss Museum. HFS er ei allsidig verksemd som driv med restaurering av verna og freda fartøy og bygningar, nybygging og restaurering av småbåtar, lærlingtilbod, museumsverksemd, leirskule og reiseliv. HFS eig og driv hardangerjakta Mathilde. HFS held til i Norheimsund og har rundt 40 medarbeidarar. HFS driv aktiv formidling og er ope for publikum året rundt.  

  • Sted: 5600 Norheimsund
  • Bransje: Museer, gallerier og kulturminne
  • Stillingsfunksjon: Håndverker, Snekker/Tømrer

Nøkkelord

trebåtbygger, fartøyvern, tømrar, møbelsnikkar

Spørsmål om stillingen

SH

Sidsel Haugen

Einingsleiar for fartøyvern

41 10 36 43Kopier telefonnummer 41 10 36 43

Firmaets beliggenhet

5600 Norheimsund

Kart
Søknadsfrist: 31.5.2025

37 følger dette firmaet

Nyttige lenker

HjemmesideBli kjent med STIFTINGA HARDANGER OG VOSS MUSEUM

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 404324323
  • Sist endret: 23.4.2025, 15:02
  • Org.nr.: 987927704Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse