Kundekonsulent
- Arbeidsgiver: Helse Bergen
- Stillingstittel: Kundekonsulent
- Frist: 07.06.2024
- Ansettelsesform: Fast
Drift/teknisk kundesenter er eit internt kundesenter i Helse Bergen. Via ei web-side, eit telefonnummer og ei e-postadresse skal det vere enkelt for tilsette å henvende seg til Drift/teknisk divisjon. Drift/teknisk divisjon yter eit breitt spekter av ikkje-medisinske tenester til avdelingane i Helse Bergen. Divisjonen har som visjon å gjere kvardagen enklare for avdelingane ved sjukehuset.
Vi er på jakt etter dyktig kundekonsulent i fast stilling. Oppstart etter nærmere avtale.
Arbeidsoppgåver
- Ta imot, behandle og følge opp alle typar kundehenvendingar til Drift/teknisk divisjon på telefon, e-post, elektronisk bestillingssystem og personleg oppmøte
- Kundeservice innan fleire område. Til dømes bestilling av tekniske tenester, søknader på parkeringsplass, tildeling av garderobe, utskriving av id-kort og hjelp til nytilsette
- Rettleiing og informasjon til kundar om divisjonen sine tenester og bestillingssystem
- Koordinere tenester mellom fleire einingar i divisjonen
- Delta i forbetring-/utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Utdanning på høgskule/universitet, minimum 1 årig
- Erfaring med kundebehandling
- Erfaring frå kundesenter er ønskeleg men ikkje eit krav
- Må ha grunnleggande datakunnskap og kunne bruke ulike datasystem på brukarnivå
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Høg grad av serviceinnstilling
- Det vil bli lagt vekt på å vere personleg eigna
- Kommunisere godt med ulike typar menneske
- Trivast med ein travel dag full av aktivitet og varierte oppgåver
- Kunne handtere fleire oppgåver samstundes
- Påliteleg og fleksibel
- Strukturert og nøyaktig
- Sjølvstendig og initiativrik
Vi tilbyr deg
- Varierte arbeidsoppgåver
- Ein meingsfull hverdag til det beste for pasientane
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Godt arbeidsmiljø
- Dagtid frå måndag til fredag
- God opplæring
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Kontor og administrasjon, Brukerstøtte/support
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kundekonsulent, Kundeservice, Adminstrasjon, Support, Saksbehandling, Kundesenter
- FINN-kode 354259735
- Sist endret