Lege i spesialisering i ortopedi
- Arbeidsgiver: Helse Bergen
- Stillingstittel: Lege i spesialisering i ortopedi
- Frist: 28.05.2024
- Ansettelsesform: Fast
Har du lyst til å bli ortoped?
Vi vil utdanne fleire spesialistar i ortopedi, og lyser ut ein stilling for søkar både med og utan erfaring i ortopedi. Vi har høgt volum på dei fleste oropediske behandlingar og mange dyktige kollegaer. Vi har derfor dei beste føresetnader for å utdanne gode ortopedar. Vi satsar på høg kvalitet i utdanninga og at våre LIS-legar skal trivast i faget.
Ortopedisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus har 5 seksjonar; traume, rygg/tumor, protese, ortopediske infeksjonar og barn. Avdelinga drifter 7 operasjonsstover dagleg, derav 2 stover/dag er reservert øyeblikkelig hjelp og 2 stover er dagkirurgi.
Avdelinga har 12 LIS-3 som roterer i arbeidsplanen 2 gonger i året. I løpet av utdanninga skal LIS-3 rotere innom fagområda protese, overekstremitet, rygg, tumor, fot, kne, skulder, traume, barn og infeksjon. I tillegg roterer LIS-3 til Skadepoliklinikken kvar 12. veke (ein del av Ortopedisk klinikk). LIS-3 får tildelt rettleiar og supervisor (supervisor kvart halvår). Fordjupingstid ligg i arbeidsplanen. Avdelinga har organisert undervisning 4 gonger kvar veke.
Arbeidsoppgåver
- Lege inngår i ordinær vaktordning, for tida 12-delt vakt
- Deltar i utgreiing og behandling av ortopediske pasientar
- Klinikken er knytt til Det medisinske fakultet, institutt for kirurgiske fag ved UiB, og har ansvar for undervisning av medisinarstudentar. Legar deltar i undervisning etter nærare avtale
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS3-stilling i ortopedi
- Erfaring frå tidlegare arbeid innan ortopedisk kirurgi og forsking
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner, og evne til å arbeide systematisk og effektivt
- Bidra aktivt til godt arbeidsmiljø
- Interesse for forsking
Vi tilbyr
- Teneste gjev utdanning i akutt og elektiv ortopedi i henhald til gjeldande spesialistreglar for hovudutdanninga
- Rettleiing etter gjeldande avtalar samt eit godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag
- Lønn iht gjeldande overeinskomst
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Lege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Lege i spesialisering i ortopedi, LIS lege, ortopedi, ortopedisk avdeling, sykehus
- FINN-kode 354107421
- Sist endret