![Helse Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/413162945/iad_178711011333537950611-12-2012_09-31-30.png)
Lege i spesialisering i rus- og avhengigheitsmedisin og/eller cand.med
Helse Bergen
Har du lyst til å bli ortoped?
Vi vil utdanne fleire spesialistar i ortopedi, og lyser ut eit vikariat i eitt år for søkar både med og utan erfaring i ortopedi. Vi har høgt volum på dei fleste oropediske behandlingar og mange dyktige kollegaer. Vi har derfor dei beste føresetnader for å utdanne gode ortopedar. Vi satsar på høg kvalitet i utdanninga og at våre LIS-legar skal trivast i faget. Vikariatet er ledig frå 02.09.2024 til 07.09.2025.
Ortopedisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus har 5 seksjonar; traume, rygg/tumor, protese, ortopediske infeksjonar og barn. Avdelinga drifter 7 operasjonsstover dagleg, derav 2 stover/dag er reservert øyeblikkelig hjelp og 2 stover er dagkirurgi.
Avdelinga har 12 LIS-3 som roterer i arbeidsplanen 2 gonger i året. I løpet av utdanninga skal LIS-3 rotere innom fagområda protese, overekstremitet, rygg, tumor, fot, kne, skulder, traume, barn og infeksjon. I tillegg roterer LIS-3 til Skadepoliklinikken kvar 12. veke (ein del av Ortopedisk klinikk). LIS-3 får tildelt rettleiar og supervisor (supervisor kvart halvår). Fordjupingstid ligg i arbeidsplanen. Avdelinga har organisert undervisning 4 gonger kvar veke.
Vikariatet kan tene som del av spesialistutdanninga.
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Lege i spesialisering i ortopedi, LIS lege, ortopedi, Ortopedisk avdeling, sykehus
Helse Bergen
Helse Bergen