Vil du bli del av eit triveleg fagmiljø med gode faglege utviklingsmoglegheiter?
- Arbeidsgiver: Statens vegvesen
- Stillingstittel: Geomatiker / Data prosesserer
- Frist: 6.6.2024
- Ansettelsesform: Fast
Om stillinga
Har du erfaring med omarbeiding av punktsky og/eller biletanalyse? Vi søkjer deg som kan prosessere og vidareutvikle laserdata og bileta våre!
Vi treng ein person som kan hjelpe oss med vidareutvikling av produkt som er avleidde frå laserdataa og/eller bileta vi samlar inn på alle riksvegar kvart år. Geomatikkseksjonen er ein del av Fagressursavdelingen på Drift og vedlikehald. Vi har oppgåver innanfor registrering av spor og jevnhet på vegnettet, registrering av vegbilete og måling av friksjon. I tillegg har vi oppgåver innanfor eigedomslandmåling og andre landmålingsoppgåver, geomatikk generelt.
Hos oss vil du finne fagleg tyngd kombinert med eit arbeidsmiljø prega av kreativitet, humør og omsorg for kvarandre. Vi kan tilby deg eit triveleg fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling, og eit godt sosialt miljø. Seksjonen har for tida 23 medarbeidarar fordelte på ulike kontorstader i landet.
Kontorstad for stillinga er Tromsø, Bodø, Bergen, Lillehammer, Trondheim, Molde eller Moss. Andre kontorstader kan vurderast.
Som geomatiker/ data prosesserer, vil du m.a. ha følgjande oppgåver:
- prosessere og omarbeide laserdataa og tolking av bilete som er samla inn med spor- og jevnhetsbilene
- forbetring av posisjon/ etter prosessering
- klassifisering
- biletgjenkjenningutvikling / meir bruk av laserdataa og bilete
- skanning av grunnlag for terrengmodell (drone, bakkeskannar, mobilskanning)
- etablering av grunnlagsnett/fastmerke
- kontroll av stikningdata
- mengdekontroll
Kompetansekrav
Vi ser etter deg som har utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år med fagkrins innan geomatikk eller tilsvarande utdanning med vekt på prosessering av store datamengder og/ eller biletanalyse. Relevant erfaring innan fagområdet kan kompensera for manglande formell utdanning. Vi oppmodar også nyutdanna til å søkje.
Førarkort kl. B er eit krav da noko reiseverksemd må påreknas.
Erfaring innan bearbeiding av punktsky og/eller biletanalyse vil bli vektlagt.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Vi legg vekt på at du
- er sjølvstendig, har ein praktisk og strukturert tilnærming til oppgåveløysing og er gjennomføringsorientert
- har gode kunnskapar på dataverktøy og nye måtar å behandle våre data på
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- er samfunnsengsjert og resultatorientert
- har gode samarbeidsevner og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt leiar Ingrid Høydal, e- post ingrid.hoydal@vegvesen.no eller mobil 415 70 598.
Om arbeidsgiveren
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehold har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi vedlikeheld og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.
Les meir om oss her
- Sektor: Offentlig
- Sted: Stakkevollvegen 35-37, 9010 Tromsø
- Flere arbeidssteder: Sorgenfriveien 11, 7031 Trondheim, Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen, Industrigata 1, 2619 Lillehammer, Skoggata 19, 1530 Moss
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Ingeniør / Geomatikk, Ingeniør / Oppmåling og kartlegging
- FINN-kode 354084299
- Sist endret