Har du lyst og interesse for å jobbe med varierte oppgåver innafor verjemåls området?
- Arbeidsgiver: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Stillingstittel: Rådgivar - verjemål
- Frist: 09.06.2024
- Ansettelsesform: Fast
Rådgivar - verjemål
Om stillinga
Om du har lyst og interesse for å jobbe med varierte oppgåver innafor verjemåls området og samtidig er oppteken av rettstryggleik, kan dette vere stillinga for deg.
Arbeid innafor verjemål er allsidig. Seksjonen har oppgåver som kjem inn på mange ulike område som forvaltningsrett, arv- og skifte, bank og finans, helse, barnerett med meir. Vi oppnemner verjer til menneske som ikkje sjølv har evne til å ivareta sine juridiske interesser på det økonomiske og personlege område. I saker om fråtaking av rettsleg handleevne fører vi saker for retten. Vi handsamar og saker om stadfesting av ikraftsetjing av framtidsfullmakt. I tillegg skal vi rettleie og føre tilsyn med verjene i deira arbeid. Videre fattar vi ei rekke avgjerder som skal sikre at menneske med verje får teke i vare sine rettar.
Du vil jobbe tett saman med medarbeidarar som har høg kompetanse og ulik fagbakgrunn.
Vi er 1.instans på området og det inneber å ha kontakt med personar som har eller treng verjemål, pårørande, tenesteytarar på kommunalt og statleg nivå og andre offentlege instansar. Du kan vente utfordrande, utviklande og meiningsfulle oppgåver i ein hektisk kvardag.
Vi søkjer etter deg som
- har bachelor innan relevante fag slik som rettsvitskap, økonomi, administrasjon
- kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg
- trivast med å jobbe med sakshandsaming
- kan jobbe sjølvstendig, effektivt og målretta
- er fleksibel og trivast med varierte oppgåver
Vi ønskjer at du
- har erfaring frå og/eller interesse for offentleg forvaltning
- har ei positiv innstilling og er god i dialog med andre
- har gode samarbeidsevner og fungerer godt saman med andre fagpersonar
Vi legg vekt på at du er personleg eigna og motivert for oppgåvene.
Vi tilbyr
- varierte, interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsfellesskap
- naudsynt opplæring i aktuelt regelverk og datasystem
- løn som 1434 rådgivar med lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode forsikrings- og låneordningar. Det vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa frå løna di
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid.
Hos oss får du rammer som legg til rette for ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid: du får eige kontor, fleksitid og du kan trene litt i arbeidstida.
Vi veit at mange ønskjer seg ein kvardag med moglegheit for å veksle mellom å jobbe frå heimen og møtast på kontoret. Hos oss er hovudarbeidsstad kontoret. Vi kan sporadisk jobbe noko heimanfrå om arbeidsoppgåvene ligg til rette for det. Fast avtale om noko heimekontor kan vi inngå etter prøvetida.
Utviklinga av organisasjonen vår er i ein kontinuerleg prosess, og den som blir tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Spørsmål om stillinga?
Du må gjerne ta kontakt med underdirektør Kjersti Bakken, tlf. 71 25 85 30/92 84 84 22, e-post Kjersti.bakken@statsforvalteren.no om du har spørsmål knytt til stillinga.
Ønskjer du å gjere deg betre kjent med oss, kan du finne meir informasjon på www.statsforvaltaren.no/mr (http://www.statsforvaltaren.no/mr)
Når det gjeld rekrutteringsprosessen med meir, kan du lese meir på heimesida vår her (https://www.statsforvalteren.no/nn/More-og-Romsdal/Om-oss/vil-du-jobbe-hos-oss/)
Søknaden din
Du må søkje elektronisk gjennom rekrutteringsportalen til Jobbnorge. Link til denne ligg på heimesida vår og på NAV sine sider. Vi ber om at du lastar opp vitnemål/ karakterutskrifter (gjerne direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand. Søkjarar som ønskjer å vere unntatt offentlegheit, må grunngje dette særskilt.
Vi meiner inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Vi vil legge til rette for medarbeidarar som treng det. Aktuelle tilretteleggingar kan vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møbler eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Om vi får kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrar bakgrunn, vil vi kalle inn minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, er det nokre krav som må oppfyllast. Du kan lese meir her på Statens arbeidsgiverportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten). Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen om du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Eit slikt kryss vert brukt ved utarbeiding av anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren skal òg samordne anna statleg forvaltning i fylka og ta del i samarbeid og samhandling mellom stat, fylkeskommunar og kommunar. Statsforvaltaren er administrativt underlagd Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, og utfører oppgåver for ei rekkje departement og direktorat.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundveien 9, 6414 Molde
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler, Annet
- FINN-kode 354072121
- Sist endret