Avdelingsingeniør

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Avdelingsingeniør
Frist
17.06.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Ved Seksjon for Radiologi er det ledig fast stilling innan fagområdet medisinsk teknikk.

Medisinsk-teknisk avdeling (MTA) leverer forvaltningstenester innan medisinsk teknologi og informatikk i Helse Bergen. MTA tar også del i forsking, utvikling og innovasjon og har ansvar for utstyr til heimebehandling av pasientar. Arbeidsoppgåvene spenner over eit stort spekter som for eksempel å delta i anskaffingar og installasjon, planlegge og utføre service og oppdateringar, utarbeide rutinar og dokumentasjon og konfigurere utstyr og IKT-systemløysingar. Avdelinga legg stor vekt på kompetansebygging med kursing både internt og eksternt. Hovudfokuset for avdelinga sine om lag 85 tilsette er at meir enn 40000 utstyrseiningar og tilhøyrande IKT-systemløysingar skal kunne nyttast til beste for pasientane, og vere trygge å bruke for pasientar og behandlarar.

Avdelinga har òg for tida andre stillingar ledig. Sjekk gjerne kva som ligg ute på nettsidene til Helse Bergen.


Arbeidsoppgåver

Seksjonen har ansvaret for forvaltning og vedlikehald av elektromedisinsk utstyr som til dømes MR, CT, Intervensjonsutstyr og Røntgen

Forvaltning og vedlikehald av utstyret omfattar til dømes:

  • Fagressurs innanfor eige ansvarsområde, i hovudsak radiologisk utstyr
  • Samarbeid med eksterne leverandørar av utstyr og fagsystem
  • Samarbeid med brukarar av medisinsk utstyr
  • Planlegge og dokumentere vedlikehald og reparasjonar på medisinsk-teknisk utstyr
  • Delta i innkjøpsprosess for medisinsk teknisk utstyr,herunder risikovurderingar (ROS)
  • Bistand ved forhandlingar av serviceavtalar
  • Prosjektdeltaking

Den som blir tilsett vil få hovudansvaret for nokre av utstyrsgruppene som seksjonen har ansvaretfor. Helse Bergen har pasientbehandling fleire stadar og den som blir tilsett må utføre arbeidsoppgåver på dei ulike stadene. Opplæring i konfigurering, feilsøking og vedlikehald av utstyr blir ofte gjennomført hos leverandør eller produsent slik at ein må rekne med å reise noko i samband med jobben.

I arbeidsoppgåvene kan det også inngå deltaking i ulike tverrfaglege arbeidsgrupper for:

  • innkjøp av medisinsk utstyr
  • opplæring av brukarar
  • utarbeiding av rutinar og dokumentasjon

Avdelinga har ei vaktordning som det kan bli aktuelt å delta i.

Kvalifikasjonar

  • Bachelorgrad eller tilsvarande innan medisinsk teknikk, elektronikk eller automasjon
  • Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
  • Førarkort kl. B.

Det er ønskeleg med erfaring/kunnskap innan nokre av desse områda:

  • Vedlikehald av medisinsk utstyr
  • Måleteknikk
  • PC og nettverk
  • Erfaring med medisinske data- og bilde-system
  • Det er ønskeleg med samtykke frå DSB til å arbeide medreparasjon av elektromedisinsk utstyr

Nyutdanna er velkomne til å søke

Språk

  • Må meistre godt norsk og engelsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide ryddig systematisk
  • Nytenkande og løysingsorientert
  • Nysgjerrig og læringsvillig
  • Jobbe sjølvstendig med god gjennomføringsevne
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer

Vi tilbyr

  • Ein spennande, variert og utfordrande jobb
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Opplæring og kursing på utstyr vil bli gitt eksternt eller internt
  • Legge til rette for godkjenning frå DSB
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fleksibel arbeidstid
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Elektronikk,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Elektroingeniør,
Teknisk personell,
Teknisk service
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Avdelingsingeniør, medisinsk teknikk, elektronikk eller automasjon, drift-teknisk divisjon, sykehus

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Roar Hellebust
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 23 68
Kontaktperson
Jan Salbu
Stillingstittel
Sjefsingeniør
Telefon
55 97 77 11
Følg firma
2271 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 353941143
Sist endret 22. mai 2024 07:11

Rapporter annonse