Fagbioingeniør med nestleiarfunksjon ved MBF-Voss

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Fagbioingeniør med nestleiarfunksjon
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Ser du etter ein jobb med stor variasjon innan fleire fagfelt, gode utviklingsmoglegheiter og godt arbeidsmiljø? Då er dette jobben for deg!

På Voss kan vi tilby deg dette, og meire til.Voss er einkommuneiVestlandfylke omkransa av flott natur med moglegheit for mange ulike aktivitetar. Opplev norsk natur på sitt beste med turar i fjellet, rafting, paragliding, alpint og rideturar.Voss kommune har om lag 16000 innbyggjarar og har eit rikt kulturliv med mange festivalar som Vossajazz, Osafestivalen og Ekstremsportveko. I juni blir Voss Cup arrangert, ein av norges største barneturneringar i fotball.Kommunen eri vekst og står framfor ei utvikling i åra som kjem. Voss ligg sentralt i forhold til Bergen og fleire destinasjonar på Vestlandet.Per i dag er reisetid til Bergen med tog cirka 1 time og 15 minutt. Med bil brukar du cirka 1 time og 30 minutt.

Ved laboratoriet på Voss sjukehus er det stor variasjon i arbeidsoppgåver, og du vil bli tilført stor fagleg kompetanse på fleire område. Laboratoriet utfører tenester til Voss sjukehus, og bidrar til gode helse- og omsorgstenester til befolkninga i tråd med vårt samfunnsoppdrag.

Laboratoriet ved Voss sjukehus dekker fleire fagfelt som legg til rette for ein variert og utfordrande arbeidskvardag. Vi tilbyr fagfelt innan:

  • hematologi og koagulasjon
  • klinisk kjemi/immunoassay
  • preanalyse og blodprøvetaking
  • tapping av blodgivarar og transfusjonsmedisin
  • mikrobiologi

Laboratoriet er døgnbemanna, med for tida tredelt turnus. Aften- og nattevakter er aleinevakter. Turnus blir satt opp i samarbeid med dei tilsette, og du vil kunne vere med å påverke vakt og helgefordelinga i denne.Det er totalt 15,2 årsverk tilknytta seksjonen som held til i lyse, trivelege lokale på Voss sjukehus. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Oppstart etter avtale. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF. Meir informasjon om sjukehuset kan leses ved å følgje lenka:https://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus

Det er no ledig fast fagstilling med nestleiarfunksjon ved MBF-Voss. Fagområdet er knytta til oppfølging og utvikling av kvalitetsarbeid på seksjonen. Stillinga inngår for tida i tredelt turnus.


Arbeidsoppgåver

  • Delta i dagleg rutine ved seksjonen
  • Stedfortredar for seksjonsleiar
  • Kalibrering og vedlikehald av vekt og pipetter
  • Metodevalidering
  • Oppfølging og utarbeiding av prosedyrar
  • Oppfølging av intern og ekstern kvalitetskontroll i samarbeid med seksjonsleiar og andre fagbioingeniørar ved seksjonen
  • Bidra til utvikling av kvalitetsarbeidet ved seksjonen
  • Andre oppgåver kan tilkome

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • 3 års erfaring frå arbeid i laboratorium
  • Det er ein fordel med erfaring frå prosedyreskriving, metodevalidering og databearbeiding
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert, nøyaktig og strukturert
  • Fleksibel og endringsvillig
  • Ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kan jobbe sjølvstendig og organisere eigen arbeidskvardag

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst i Helse Bergen. For nestleiarfunksjon følgjer eit årleg funksjonstillegg på kr. 30 000,-
  • Flytte- og/eller bustadsgodtgjersle på inntil kr. 40 000,- første 12 månader
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Høgt fagleg nivå


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Bioingeniør
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Fagbioingeniør med nestlederfunksjon, Bioingeniør, voss, laboratorie

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Camilla Ormberg Nyegaard
Stillingstittel
Konstituert seksjonsleiar
Telefon
55 97 30 99
Kontaktperson
Ingunn Børø
Stillingstittel
Sjefbioingeniør
Telefon
55 97 78 82
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Sjukehusvegen 16, 5704 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 353287438
Sist endret 16. mai 2024 12:05

Rapporter annonse