Overlege/spesialist i psykiatri ved  Psykiatrisk akuttmottak

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Overlege Psykiatrisk akuttmottak
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Psykiatrisk akuttmottak (PAM), i dag lokalisert på Sandviken, er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk.Divisjon Psykisk helsevern. Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårninnan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljøer sentralt i arbeidet vårt.

PAM har øyeblikkelig hjelp-ansvar for sjukehusfunksjon innan psykisk helsevern for vaksne i heileopptaksområdet til Helse Bergen. Tilbodet i PAM består i dag av to sengepostar med 10 senger kvar somtilbyr akutt psykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie til personar over 18 år.Opphald i PAM er av kort varigheit, pasientar blir etter endt opphald overført til andre sjukehusavdelingareller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. Psykiatrisk klinikk har lagt til retteforsamarbeid og faglege drøftingar. Det er høg kompetanse ved klinikken og fleire av dei tilsette har ulike vidareutdanningar. Det er regelmessig internundervising, faste faglege forum/spesialistforum der faglege problemstillingar og pasientforløp blir drøfta.

PAM er i ei spennande utvikling med planar for etablering av eit felles mottak for psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) i Årstadhuset på Haukeland i 2028.

Vi har no ledig 100% vikariat som overlege/spesialist i psykiatri ved PAM. Vikariatet er ledig frå 01.09.2024 til 31.08.2025. Du vil jobbe tett i tverrfaglege team samanmed andre overleger, psykologspesialist, lege i spesialisering, psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar og sosionom. Aktuelle kandidatar må ha vedtakskompetanse etter psykisk helsevernloven og personleg eignaheit vil bli vektlagt.


Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike lidingar
  • Handtere tvang i samsvar med lovverket
  • Medverke til å utvikle eit trygt og godt fagleg felleskap
  • Rettleiing og kunnskapsformidling internt og eksternt
  • Samarbeid i tverrfagleg team

Kvalifikasjonar

  • Norsk spesialistgodkjenning i psykiatri
  • LIS 3 som har mindre enn 12 måneder igjen av klinisk tjenestetid kan også søke
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • Erfaring med døgnbehandling
  • Erfaring med forbetringsarbeid
  • Må beherske norsk eller et skandinavisk språk munnleg og skriftleg
  • Det er ønskeleg med akuttpsykiatrisk erfaring

Personlege eigenskapar

  • Du er prosess- og løysingsorientert
  • Du skapar gode relasjonar og samhald
  • Du er inkluderande og involverande
  • Du tåler å stå i krevande situasjonar
  • Du arbeider planmessig og strukturert
  • Du kan ta avgjerder som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbode

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling i eit arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar
  • Krevande og spennande arbeidsoppgåver
  • Lønn etter avtale

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Overlege,
Lege / Psykiater
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Overlege, Spesialist i psykiatri, Psykiatrisk akuttmottak, PAM

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Merethe Fosse
Stillingstittel
Avdelingssjef
Følg firma
2278 følger dette firmaet

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 353276101
Sist endret 16. mai 2024 10:15

Rapporter annonse