Sommarvikariat eller helgestilling på Fødeavdelinga, Kvinneklinikken

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sommarvikariat eller helgestilling på Fødeavdelinga, Kvinneklinikken
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Litt om Fødeavdelinga:

Vi har tre fødeeiningar på Kvinneklinikken: Føde AB, Føde B og Føde D Storken. Føde AB har ansvar for risiko fødande og deira barseltid, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. Føde C er ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå.Føde D Storken er ei kombinert lavrisiko føde-barseleining.
Ved Svangerskap og barselpoliklinikk har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, samt barseloppfølging.
Alle seksjonane samarbeidar tett for å løyse bemanningsufordringar i fellesskap.

Fødeavdelinga er såleis ein spennande arbeidsstad for jordmorstudentar eller sjukepleiarar, sjukepleiar-/medisinarstudentar, som ønsker eit sommarvikariat utanom det vanlege.

* Vi treng sommarvikarar til 100% stilling frå veke 25-33. Det vil vere 3-delt turnus, med arbeid 2. kvar helg.
* Vi treng og studentar eller sjukepleiarar til 15% fast helgestilling. Det vil vere 3.kvar helg vidare utover hausten.

Skriv i søknaden kva for stilling du søker på.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg ansvar for føde-barselkvinner
  • Rettleiing av "nybakte" foreldre
  • Oppfølging av nyfødde i perinatalperioden
  • Varierande sjukepleieoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiefagleg utdanning med norsk autorisasjon
  • Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
  • Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg
  • Påbyrja studie i jordmorfag er ein fordel
  • Generell sjukepleieerfaring er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Fleksibel
  • Tåle endring
  • Tilpassingsdyktig

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
8
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Jordmor,
Sykepleier,
Helsepersonell
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

jordmorstudent, sykepleier, sykepleiestudent, medisinstudent, kvinneklinikken

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kari Aarø
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
41 70 16 62
Følg firma
2261 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 353159469
Sist endret 15. mai 2024 10:19

Rapporter annonse