Avdelingssjef Hospitaldrift

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Avdelingssjef
Frist
03.06.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Dei fleste ikkje-medisinske avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus er knytt til Drift/teknisk divisjon. Divisjonen har om lag 1000 årsverk, eit brutto driftsbudsjett på to milliardar kroner og ansvar for styring av ein investeringsportefølje på om lag ein milliard kroner.

Vi søker no ein avdelingssjef for Hospitaldrift. Du vil leie ei gruppe dedikerte fagfolk og leiarar med lang erfaring i sjukehuset.

Kort om Hospitaltdrift:
Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 810 medarbeidarar.Vårt motto er at vi skal skal bidra til å gjere kvardagen lettarer for omgjevnadene våre. Hospitaldriftleverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket.Vierei avdeling, som gjennom rett kvalitet og god service, er totalleverandør av kostnadseffektive servicetenester og produkt til brukarane våre.

Tenestene våre er: Forsyningsteneste, innkjøp, varemottak og sentrallager, pasienttransport og andre interne transporttenester. Vi produserer mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, regelmessig reinhald og andre reinhaldstenester. Sikkerheitsenester, sentralbordteneste og kurs- og konferansesenter.

Ny leiar er opptatt av å sørge for sikker og stabil drift, samt legge til rette for konkurransedyktige og kostnadseffektive tenester. Ny leiarhar ein samlande, involverande, tydeleg og ivaretakande stil.

Som avdelingssjef i Hospitaldrift rapporterer du til divisjonsdirektør ved Drift/teknisk divisjon og sit i divisjonen si leiargruppe.


Arbeidsoppgåver

  • Leiing av Hospitaldrift si verksemd både fagleg, administrativt ogøkonomisk
  • Sikre optimale og kostnadseffektive tenester for kjerneverksemda
  • Ansvar for at avdelinga blir vidareutvikla og tilpassa endringar i sjukehuset
  • Ansvar for å utvikle leiarar og medarbeidarar til å møte framtidige kompetansebehov
  • Pådrivar for den digitale utviklinga i avdelinga
  • Medansvar for at Drift/teknisk divisjon når måla
  • Inngå i leiargruppa til Drift/teknisk divisjon

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på masternivå, helst innan økonomi- og administrasjon, -leiarfag
  • Erfaring frå helsevesenet eller tilsvarande kompleks organisasjon
  • Leiarerfaring, inkludert erfaring med å leie store team og avdelingar
  • God forståing for drifts- og prosesshandtering
  • Erfaring med å oppretthalde høg standard for kvalitet og sikkerheit
  • Evne til å organisere og prioritere oppgåver, ressursar og personell på tvers av fleire avdelingar for å sikre effektiv drift
  • Erfaring med og forståing av økonomi og budsjettstyring for å kunne drive avdelingane på ein kostnadseffektiv måte

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer tydeleg og effektivt på alle nivå
  • Du evner å leie og motivere eit mangfoldig team av tilsette
  • Du evner å organisere og planlegge komplekse tenester og ressursar
  • Du har eit sterkt fokus på å tilfredsstille kundane sine behov og forventningar
  • Du evner å tilpasse deg endringar og handtere utfordringar
  • Du er nysgjerrig og open for ny teknologi, metodar, læring og forbetring

Vi tilbyr

  • Ein viktig jobb med eit sterkt samfunnsoppdrag
  • Engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar
  • Mange spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
  • Bedriftsidrettslag
  • 14 000 kollegaer

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon,
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
Stillingsfunksjon
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Avdelingssjef, Drift-teknisk avdeling, Hospitaldrift, ledelse, sykehus

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Askjell Utaaker
Stillingstittel
Divisjonsdirektør
Telefon
93 23 04 48
Kontaktperson
Janne Kristiansen
Stillingstittel
Rådgivar rekruttering
Telefon
48 28 63 00
Følg firma
2261 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 353145446
Sist endret 15. mai 2024 07:58

Rapporter annonse